• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 1

    Tour de Gaularfjellet

    Det har blitt riktig so flott på utsikten ☺

    4

    Opptur i motabakkane

    Radfahren verboten, som han sa tyskaren, han gleda seg til jul.

    I går var det kviledag, leggar og lår fekk kvile og innhente seg. Det gjorde godt å slappe av.
    I dag viste vestlandet seg frå si mest sjeldne og kanskje beste side, det var nesten sumar.

    Eg tok fram tohjulingen, han stod og freista,  eg berre trilla fram og tilbake på tunet, alt virka bra med føtene, og eg tok ein liten tur kring bygda.
    Okei, alt gjekk smertefritt.

    Då var det ikkje tvil, ein skal ikkje sova vekk sumardagen, trasevalet; ein rundtur, E-39 til Sande, inn på vegen til Bygstad, tilbake til Osen bru, opp mot Åmot,
    og ei lita klatreetappe opp til E39 igjen.



    Da er i motabakkana eg får meg ein opptur.. ;)

    Utan tvil!

     


    forøvrig, lokalavisa FIRDA har frigjeve nokre bilete frå rittet på Sundag

     

    #sykkel

    7

    JØLSTER RUNDT -2014- Bildeserie



    Den store dagen var komen, utfordringa stod framfor meg. Ingen veg utanom.
    Magen var rar på morgonen, spenninga var til å ta og kna på. Kribling, kitling, sumarfuglar i frysen, hetebyge, og kaldsvette.
    Eg har ikkje konkurrert i noko sidan Lindesnescupen 97' i fotball.

    To koppar med knallsterk espresso, nedkjølt med litt pensjonistfløyte, power-omelett av 4 egg, og nokre hundre gram steikte strimlar av svinekjøt gjekk ned før eg sette kursen mot nabolandsbyen, Førde.
    Tankane svirra, skal eg verkeleg gjere det her, eg er sikkert den einaste som ikkje har proffutstyr og racersykkel.
    Eg har vanlege pedalar,  pysetrekk på setet, vatnflaske med påteipa energibar. Men pokker heller, det er vel bare å drite i, målet blir til undervegs.

    Ein går og seier til seg sjølv og andre at "det er jo berre for moro"  "fornøgd berre eg kjem til mål utan at krampa tar meg"
    Ei sanning med store modifikasjonar. Vi har alle eit sterkt vinnarinstinkt.

    Løypeprofilen tilsa at jamt tempo ville løne seg.




    Her er nokre bilete frå den her veldig flotte dagen i grenselaust vakker natur.
    Eg har til meg og vere teke svært få bilete frå sjølve løpet, men det har sine naturlege årsaker.
    Eg har berre to hender, og ikkje all veg på vestlandet går beint fram.



    Eg fekk meg eit nummer.



    Eit brot



    Ei bru


    Ein landeveg


    Ei utsikt


    Eit målområde


    Ein sponsor og ein sykkel.



    Ein fornøgd ryttar, og ein velfungerande Merida Crossway 300


    Alle set seg eit mål, på førehand visste eg at mange sa at det her rittet ikkje var "eit stykke kake"
    Difor sette eg målsetnaden om å klare rittet på under 3 timar og 30minutt, antakeleg realistisk på desse 90 kilometerane.
    Har tross alt berre sykla sidan påska i år.

    Då får det heller vere ein bonus at klokka stoppa på 3 timar og 8 minuttar :) Eg er godt fornøgd.



    (Nesten nøyaktig ein time bak Mads Kaggestad, kjent frå tida i Crédit Agricole, no er han sportskommentator i TV2. )




    Kven var dei to unge frøknene på Skei?
    Men noko som får meg til å undre og klø meg i hovudet, to frøkner, sikkert i midten av tjueåra som sat like med felleskjøpet på Skei , de skreik og ropte namnet mitt. Ja, dei kunne namnet mitt, og er undrar meg galen, kven var dei ?
    Eg vil gjerne beklage at eg ikkje stoppa og helsa på, kanskje ein annan gang ;) Same tid og stad neste år?




    Etegilde i solveggen, COOP EXTRA sponsa gryterett ,-alle var nøgde og vel forlikt :)


    Eg har i dag vunne mitt livs største siger!

     

    #sykkel #jølster #førde #sykkelritt #jølsterrundt

    0

    Oppdrag SYKLE TIL JOBBEN utførd!



    Biletet er teke i morgontimane, på toppen av HH i Førde,  eg sykla opp på taket, sånn berre for å ha gjort det.
    Deretter tok eg ein tur oppom COOP EXTRA for å kjøpe ei banan, og samstundes ynskje god helg til tidlegare kollegaer.


    Som du kanskje har tenkt deg fram til allereie, i dag var det ekstra deilig å kome heim , vel vitande om at det her var siste dagen i utfordringa.
    Låra mine framstår som wienerpølse i heitt vatn, og leggane er like sprekkferdige.

    Eg vurderte fram til i går om eg skulle sykle til jobb i morgon også. Konklusjonen er og blir at mine lår og leggar treng ein dag innhenting før rittet på sundag.
    Men då er det full fart framover ! Samstundes må kjøleskapet fyllast igjen, er ein smule lei av sympati-egg, forøvrig innkjøpt i stort tal, i protest mot Sylvi Listhaug og dei andre distriktshatarane i den blå-brune mindretalsregjeringa.


    Då er det berre å glede seg til sundag, og landevegsrittet Jølster Rundt.

     

    God helg!

     

     

    #sykkel #utfordring #blogg #landbruk #førde

    0

    Ingen veg tilbake no..Jølster Rundt 2014



    90 kilometer i flotte omgjevnader, Jølster Rundt 2014

    - Ingen veg tilbake :)

     

     

    #sykkel #landevegsritt

    4

    Mandag: Sykle til jobben



    Ja, då prøvar eg på nytt.

    Forrige veke vart øydelagt av regnvêr, og eg fekk berre sykla til jobb tre dagar.
    Denne veka er prognosane langt betre enn på lenge, og den store mannen i den vesle skjorta i tv-ruta melder om høge temperaturar og opphald.

    Målsetjingsykle til jobb kvar dag fram mot helga (laurdag må eg køyre, må jo kjøpe mat)

    Sundag ventar truleg Jølstravatnet Rundt, eit ritt på 90 kilometer.

    I dag starta sykkelveka mi. Og det inneber 2 mil kvar veg, opp og ned frå eit lite fjell.


    Å sykle til jobb tek ca 30 minutter, heim igjen er noko tyngre stigning og tar alt frå 45 minutt til ein time, avhengig av vindretning på høgda. Stigning er eit kakestykke samanlikna med flat mark eller slak nedoverbakke og motvind.




    Fortsetting kjem..


    #sykkel

    Les mer i arkivet » August 2016 » April 2016 » Mars 2016
    hits