• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Godt nytt år til deg !

    Må neste år gje endå meir glede og gode opplevingar !

    1

    Håp




    Om du vil, so vil eg
    Om du vil so vert eg stolt
    Om du seie A so seie eg B
    Om du dett so løftar eg deg opp igjen
    Om du er lei deg, so trøstar eg deg
    Om du er trøtt, so let eg deg sove
    Om eg har rett, so vil eg late som eg tek feil
    Om du er sint, so vil eg få deg til å smile
    Om du syns vitsen min er tørr, so har eg rikeleg vatn
    Om du treng meg, so er eg her
    Til deg vil eg aldri seie nei


    * / *   * / *   * / *


    Eg håpar du vil.

    0

    Skia bytta ut i dag :/

    I dag er det nok ein blaut dag, alt er sørpe og sleipt. Slikt som får røntgenavdelingane på jobb i full aktivitet ;)

    Så kva kan ein gjere?
    Det fristar ikkje akkurat med ein skitur heller.

    Så i dag var utstyret Crispi -SWAT-støvlane og broddar.

    Ein liten tur på ubrøyta skogsvegar, i selskap av gråfrøkna.

    Godt nok for meg :)

    0

    Snikande ulv !

    Vesle grå har eigentleg ikkje lov til å gjere slikt. Men med eit so uskuldig fjes kan ein ikkje kjefte heller :)

    0

    Idrettsglede frå ein annan del av verda

    Eg må sei meg mektig imponert :) Dei siste dagane har vi hatt storfint besøk på skistadion.

    Eg trur dei er studentar frå alle verdas kantar. Dei har prøvd skigåing, truleg for første gang.

    Eg er som nevnt imponert over den gjengen. Dei sprang avgårde på bakglatte ski, altfor korte stavar, dei ramla og snurra rundt, reiste seg opp att og prøvde på ny.

    Dei herja og sto på, skikkeleg sprudlande gjeng ! Dei gav ikkje opp.

    Smilande og glade :)

    Artig !

    6

    Den beste julebrusen!

    Kva slags julebrus er din favoritt?



    #jul #arendals #julebrus #pinnekjøt #nullstress

    0

    Kosehund i sofaen

    Ei som vil ha oppmerksomheit.

    #hund #elghund #kosebamse

    0

    Gjøsetstølen

    Dagens morgontur rundt stølen.
    15 blå på skalaen, og eit markert behov for nye isolerte og vindtette skihanskar :)

    Fantastisk !

    #ski #vinter #sport #langrenn #gjøset #langløype #friskt #kaldt

    0

    JAKTER PÅFUGL




    Kor skal eg starte?

    Kanskje litt bakgrunnsinformasjon først:

    I starten av denne veka var eg og ein kamerat oppe i skianlegget for å få ut litt energi i løypa. Etter vel 8km kom vi opp i en småabsurd hending, ein merkeleg person, lat oss frå no av kalle han Påfuglen.

    Framfor oss gjekk ei ung dame i jamt tempo, riktig så atletisk og elegant. Med eitt ser vi eit vesen som kjem feil veg i løypa, raude gamasjar, middels gammal gul anorakk med intens snøring i livet, meir som ein kort moderne kjortel, og slikt panneband dei brukar i byane. Dei brukar slike panneband til og med om sumaren. Greit nok, kvar sin stil.

    Men så plutseleg tverrvendar den her skapningen mellom oss to som kjem skøytande i full fart oppover, og den unge dama. Han hoppar oppi sporet og køyre på etter dama, og går opp på sida av av ho, og slår over til ein stiltype eg ikkje har sett sidan Oddbjørn Hjelmeset var på topp. Akkurat som eit dyr som skal varte opp hoa i brunsten. Ein Påfugl som brusar med fjøra, det var ikkje måte på.

    Stilen er noko utan sidestykke, med vimsande handledd, og antilopefråspark. Som teke ut av filmavisa frå syttitalet, og blanda med sånn parade dei har i byane. 
    Og Påfuglen gjer dette ein gang til. Skrensar inn bak den unge dama, og brusar med fjøra. Opp på sida og slår over til skikkelig laus i ledda og full av rytme som sjølv ein afrikanar ville misunt. Stolt som ein hane.

    No er eg sjølv ingen estetisk skiløpar kva gjeld teknikk, sikker blant dei verste, men du verden.

    Eg og kameraten, som forøvrig har halve vekta og dobbel kondis fann ut at han der kjem absolutt ikkje ned på stadion før oss.
    Vi la inn ein spurt og glei fint forbi Påfuglen. Eg trur forøvrig ikkje at han klarte å innynde seg, for dama kom ned til arenaen før han, ho smilte til meg, akkurat som ho skjønte kva eg tenkte. Eg smilte lurt tilbake, raud i kinna som eg nok var.


    Då veit du bakgrunnen.


    I kveld, kven trur du kom på stadion og klikka på skia samstundes med meg? Jaudå, Påfuglen. 
    Eg tenkte at no du, no du.

    Taktikken min var litt ulvete, leggje seg eit stykke bak og håpe at dieselmotoren min rakk å verte heit før "spurten"
    Etter nesten 5km låg eg vel 200 meter bak, og kjende at no er kroppen i ferd med å bli i god og varm.
    Rett før stadion skøyta eg han inn, men gjekk ikkje forbi.

    Akkurat som eg håpa, han ville gå ei runde til, flott! Same taktikk frå mi side, tenkte eg.
    Men i første motbakke klatra eg litt hardare og måtte gå forbi for å ikkje sjå dum ut.

    Eg hatar å gå først, men trakka til på flata, gav på og hadde bra fart ut mot trearsløyfa. Oppe på første bakketoppen ser eg meg tilbake, og shit, nei pokker.
    Påfuglen kutta løypa og tok til høgre. Pokker, det var jo so kjekt. Sjølv om han gjekk klassisk.

    Eg berre gav på rundt trearsløyfa og då eg kom ned att til avkøyringa til langløypa skimta eg ein gul anorakk oppe i stigninga til femmaren. Der var han jammen meg, men kan det være mogleg å innhente han før stadion? Aldri sei aldri.

    Let the hunt begin ! (lat leikane byrja)

    Slikt motivera meg kraftig, eg la inn eit jamnt tempo, og forholda var perfekte for skøyting i kveld.
    Eg berre fokuserte på å gå korrekt og ikkje for hardt. Kroppen fungerte bra, eg har riktignok kondis som ein skiftenøkkel, men i kveld følte eg meg pigg.

    I siste stigning før ei lang flate ser eg den gule anorakken på toppen, eg pusher litt ekstra i fråsparka, armane dreg ekstra, og alt går som smurd. Enten har eg ytt langt over evne, eller så har han sakka av på farta, for påfuglen har ikkje komme lengre enn halve flata. No kjenner eg at jaktinstinkta også gjeld i idrettssamanheng.

    Og før han har runda svingen er eg berre 30 meter bak, og i den slake stigninga mot høgste punktet i lysløypa held eg ein jamn avstand. No ventar ei nedkøyring på nokre hundre meter, eg tar innpå, har betre gli.

    Då vi kom i botnen av bakken var det få meter mellom oss. Eg går ut på venstresida og rykkar til, først ei lita flate, så ein liten bakketopp, teknikken føtene og skia gjer jobben, kondisen kjem like bak, pusten er blitt noko tyngre.

    Eg har fått ei bra luke, og glir ned ein krapp unnabakke med sving før eg trakkar til på flata rett før den store nedkøyringa, bakken som i forfjor tok skuldra mi i ei brutalt krasj. Eg er endå ikkje heilt komfortabel med altfor høg fart utfor her.

    Nedkøyringa går i passe høg fart, og på flatene før skistadion berre skøytar eg da eg er god for, ikkje bra samanlikna med dei som kan skøyte, men nok. Eg følar at eg flyt godt. Alt stemme betre og betre dag for dag, tur for tur.

    Eg ser meg tilbake, Påfuglen er i botnen av skulder-ut-av-ledd-bakken idet eg glir over siste forhøginga. Nedkøyringa inn til stadion er perfekt, eg tar det heilt ut opp til startområdet.

    Eg klipsa av skia og opnar borrelåsen på stavane, og pustar tungt, kombinert med noko hoste. (enklaste måten å skjule tungpusting)
    Påfuglen kjem omsider opp på sida, og eg ser bort på han og seie: "Fantastiske løype vi har!" -og smilar :)
    Han berre nikkar, og heng over stavane. Ganske duckbreath (andpusten) han og.


    For ein som alltid har blitt forbigått smakte det godt, og var veldig motiverande.
    Sjølv om det berre er moro og kun inni hovudet mitt.


    Påfuglen var no av :)







    #ski #meistring #fischer #langeland #betreogbetre

    Funfacts: Beste rundetid 5km 22:05 Totalt 49:55

    0

    Ut på skitur 2. Juledag



    Det viktigaste er ikkje å delta, men å komme i mål :)




    #langrenn #fischer #alpina #aclima #oneway

    0

    God jul !



    Dagens korte tur på Langeland Skisenter, måtte berre stoppe og ta eit bilde. Fantastisk! Måtte resten av året, og starten av 2015 by på fleire slike dagar.



    God Jul!

    0

    Norge er best !

    0

    Gjøset 21/12

    Vi er velsigna med verdas vakraste skiløyper.

    #lykke #langrenn #vinter #ski #fischer

    0

    Reinsdyr som motivasjon

    Det er ikkje kvar dag at noko so motiverande som ein flokk reinsdyr dukkar opp i skiløypa :)

    #ski #fischer #reinsdyr #sport #vinter

    0

    Gratulerer Noreg !

    Godt jobba av heile gjengen, spesielt artig å sjå kongen sjølv ha ei markant auke i form. Flott 2.plass !

    Heia Petter !

    #sport #langrenn #whoistheman #barneskirenn

    0

    Årets første 4x5km - Skøyting


    Og det gjekk strålande :)






    No er det berre kondisen og litt meir styrke i armane som trengs, men det kjem seg etterkvart.

     


    #ski #sport #vinter #langrenn #fischer

     

    2

    Diverse bilete frå dei siste dagane

    4

    Kveldens første 15 km fri teknikk



    Den første runda i femkilometeren gjekk eg på halv maskin, den andre runda blei gått i noko høgre tempo, mens siste runda var for å roe ned, ein rein kosetur med innlagt spurt på slutten. Tok igjen to spreke frøkner som gjekk klassisk stil, slikt er god drahjelp opp motabakkane ;) På siste flata før stadion sa eg takk og farvel :)


    #vinter #ski #fischer #skøyting #langrenn #adrenalinkick

    0

    FISCHER CARBONLITE SKATE H-PLUS

    Her er mitt valg av ski for sesongen 2014/2015






    FISCHER CARBONLITE SKATE H-PLUS



    2

    Sesongstart !

    Endelig kom snøen!

     



    Endeleg kom vinteren, og vi har no meir snø enn vi hadde forrige vinter.
    Kan hende værgudane er med oss i år ?

    Uansett, viktig å starte forsiktig. Dei fyrste 200km skal ikkje overdrivast, muskelgruppane må omvendas frå springing og sykling til skigåing.
    Eg tar det med ro, enn so lenge :)


    Gårsdagen.
    -Første tur: klabbeføre 5km 0:42:53 -snittfart 7,24 km/t
    -Andre tur: Veldig bløtt, storm og regn 3km 0:28:24 -snittfart 7,35 km/t

    I kveld  5km , 0:32:33 snittfart 9,03km/t - Bakglatte ski, men desto betre i nedoverbakke :)


    #ski #snø #vinter #progress #framgang #swix

    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits