• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    VEIEN TIL BIRKEBEINERRENNET 2016



    Yess, snøen er her :) Gledeleg gjensyn!

    I går kveld var det knalltøft å gå, det var skikkeleg nullføre, mykje laussnø, og eit regelrett slit. No er eg ikkje eit teknisk vidunder frå før, men det gjekk no på eit vis. Eg fullførte 10km.

    Ein vert litt deppa etter den første turen, ein trur at nokre hundre mil på sykkel, lange stakeøkter på rulleski, og eit uttal springeturar i fjellheimen skal gje nokre fordelar når du står der i nysnøen med skia på føtene. Men nei, det er like tungt på første turen, uanfaensett kor gode førebuingar du har hatt.

    I kveld var føret langt betre (ca 7minutt raskare pr runde) Det var deilig å få komme skikkeleg igang. Deilig nullføre var det, perfekt for oss som syns at det er oppskrytt å ta seg tid til å smøre seg til klabb eller bakglatte ski. Det har vore fantastisk å prøve dei nye FISCHER RCS ZERO+ , spikarfeste og god glid. Eg er ikkje i tvil om at dette er ei ski eg får stor glede av framøve mot Birken.

    Og optimistisk er eg, no ser eg at eg ikkje er heilt vekke på styrke. Spesielt sykkell-leggane og lårene har langt betre kapasitet enn i fjor.
    Eg er berre litt for tung og klumpete endå. Men det kjem seg kjapt no som snøen og løypene ligg der.

    Det er under eit halvt år til Birken, men det skal gå heilt fint :) Eg skal ta dei :)


     

     

    0

    Utstyrsvalg for sesongen 2015/2016

    Da kan snøen bare komme, spesielt det vanskelige nullføret, bare kom !

    Maratonstøvelen fra Alpina , takk til Wenaas Nordic og Erdal Sport i Førde for god veiledningTreningsski fra Fischer RCS ZERO+  (Finor/ Erdal Sport)


    Swix  (Erdal Sport)


    Racingdressen til Klubb Sandwich, levert av Oracksport



    0

    Ny sesong og nye eventyr ventar!

    Fjoråret var en stor høydare, ein skikkeleg opptur. Sesongen vart avslutta med 33.plass i motbakkesprinten Skogahogen Opp.
    Med tanke på at 39 deltok er eg riktig godt nøgd med den prestasjonen :) At store tunge meg skulle klare det på under 18 minutt er for meg og dei fleste tilstades heilt uforståeleg..

    Oddbjørn gliste godt i skjegget, han slo meg med fem minutt :)





    No er det ny sesong, og nye mål som gjeld. Birken 2016 er mitt store mål.
    Eg skal gå for Norges absolutte råeste privatlag innen langrenn og rulleski, ja jeg skal gå for sjølvaste Klubb Sandwich.






    Etter Birken 2016 vil Klubb Sandwich være på alles lepper ;)





    Gledar meg til snøen endeleg kjem :)


    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits