• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Årets første 70km

    1

    Sykkel og rulleskisesongen godt i gang !



    Sidan midten av April har eg sykla ca 835 km, og har lagt tilbake 240km staking på rulleski. 
    Av ein eller anna grunn er eg mykje tyngre no enn før. Eg forstår det ikkje. Lår, bryst og leggmusklar veks vel ikkje 8-10kg på eit halvt år?
    Men eg føler meg faktisk friskare og sterkare enn nokon gang.

    Føler meg skikkeleg pigg til tross for at eg er altfor tung.


    1

    Brutal oppvekkar- brystsmerter.

    Klokka er 04.23 , og våknar med følelsen av at nokon har sluppe ein vektmanual ned på brystkassa mi, det er skikkelig smerte. Eg reiser meg opp og går tuslar litt rundt i huset. Prøver å strekke ut armane, det er store spenningar i brystkassa, på den sida eg helst ser at det ikkje er smerte. Eg småskjelv litt i venstrehanda og skulder.

    Ikkje faen .. nei faen..det her gidder eg ikkje, skal for pokkern ikkje få blodpropp eller infarkt før eg vert pensjonist, tenker eg høgt.

    Men til slutt fekk eg sove igjen, og då eg våkna var smertene vekke. Eg har vore borti likande for ein månad sidan, men då sprengte ei blodåre under ei stakeøkt, og det var ikkje samanlignbart smertemessig.

    Mest sannsynleg er det stakeøkta i gårkveld som har ført til muskelsmerter i brystkassa, eg håpar og trur det.

    So i dag er det kviledag, tek ingen sjansar ....før i morgon :)

     



    1

    Oppsummering hittil i 2015



    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits