• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Som ein dråpe vatn

    1

    Hund vs Vannskrekk: 1-1

    Min lille grå elghund har alltid vore skeptisk til vatn. Ho har vore livredd, og aldri ville nærme seg vasskanten med mindre ho var tørst.

    Ho har alltid fått dette uttrykket kvar gang eg har prøvd å få ho til å komme i kontakt med vatnet.

    Men i dag hadde vi eit stort gjennombrot i kampen mot vannskrekken.

    Stillinga er no 1-1



    #hund #elghund #sommer #bading

    Neste målsetning er å få vesla til å svømme.

    0

    Jakthund i sommervarmen



    Snart er det haust og jakt. Men akkurat no dreier det seg om 30 varmegrader og vannmelon.


    #hund #elghund #jakthund

    0

    Til helvete med Gull røkelse og myrra!


    // Ein vis mann, utan klede, men med sjølvrespekt //




    Korleis hadde bibelen vore illustrert om dei tre vise menn hadde hatt mogelegheit til å ta instagrambilete og jamleg køyrd nye statusoppdateringar på facebook?
    Kanskje like greit at vi ikkje veit, for det skjular seg løgn og bedrag i alle gamle eventyrforteljingar, soleis er ikkje bibelen eit unntak.

    Då hadde vi kunne sjå om dei faktisk hadde gull, røykelse og myrra. Fattige som vitskapsmenn var på den tida eit born var fødd i ein stall i Betlehem. Kvifor og korleis hadde dei råd til gull?
    Pantsette dei kamelar og song ei og anna lurven skillingsvise for å skrape i hop pengar til frelsarens gåver?

    Eg har ikkje trua på at klokskap gav dei største lønsutbetalingane i eit samfunn der dei fleste fulgte ein ledar, som ein saueflokk. Vi må hugse at det her var ei tid der klemmar og lykkeønskingar stod like høgt som tusenlappar gjer i vår tid. Pengar var ikkje alt, og hadde dei hatt instagram i dei dagar so hadde vi nok fått eit heilt anna bilete av historia.
    Mest sannsynleg er det nok som forskarar no ikkje hevdar, nemleg at dei tre vise menn var middels fattige, og difor hadde med seg: ull, røykepølse og myrvatn.



    Dei fraus no ikkje, samstundes som dei hadde mat og vatn.

     


    0

    Ferien over for denne gang.

    Ei veke går fort, her er minnene :)
    Den varmaste og mest skyfrie veka i manns minne.

    #sommar #sykkel #ferie

    0

    Den her karen stod plutselig der..

    4

    Huggorm

    Ikkje akkurat min favoritt.

    Heile 3 stykk sikksakkmønstra huggormar såg eg under dagens 6 mil på sykkelsetet.


    #huggorm #sykkel #sommer

    7

    Kjære sinte billist

    Du som prøvde å drepe meg i går. Du som sikkert var seint ute og var redd for å komme for seint til ferga.

    Eg ligger i 45- 50km/t på E-39 , det tynne sykkeldekket ligger ca 10cm til venstre for den kvite stripa. Eg har nettopp sluppet forbi tre billistar.
    Plutselig kjem det en liten svart bil, type Mini i full fart bakfra, og legger seg på tuta, skikkelig hissig.
    (Og kva skal eg gjere? Sykle utfor vegen og ned skråninga ? Stoppe opp?)
    Eg høyrer motorbrøl frå den vesle minien, kløtsjing og gasspådrag, før eg ser bilen komme opp på sida, kneet berørar bilen. Her vert eg faktisk forsøkt pressa av vegen.

    I rein refleks og sjølvforsvar får bilen ein knytta venstreneve i taket.

    Adrenalin og dødsangst herjer og bruser. Kva faen skjer? Kva feilar det den her dama?

    Bilisten køyrer foran og bråbremser på skrå i vegen.
    Eg tvinges dermed over i motsatt køyrefelt, og unngår såvidt eit vogntog som kjem rett imot.
    Billisten fyrar opp og siktar seg inn nok ein gang, og gir på med få cm klaring, den kvinnelige sjåføren har tatt ned sideruta og skriker på bergensk ; Du får jammenmeeg vise hæænsyn du og !!

    Eg ropar tilbake ; kjøpt førarkortet i utlandet? 

    Eg skulle ynskje at du stoppa på neste utkjørsel slik at eg blant anna kunne fortalt deg at ferga går kvar halvtime, livets tog har kun ein avgang.

    Håpar du rakk ferga. Og at du framleis ikkje har drepe nokon.

    2

    Elghunden min og meg.

    14

    Hvorfor kommentere leggene mine?

    Eg hadde kjøpt meg nye sykkelsko, og stolt av dei fine kvite skoene la eg disse bildene ut på facebook,


    Gjett hva som vart kommentert mest, leggene mine, eller skoene?

     

     

     



    #sykkel #sykkelsko #mann #trening

    0

    Slike gjekk det på skytebana



    // Godt verktøy er halve jobben //

     

     

     

    #jakt #sako #hjortejakt #våpen

    0

    Det å vakne på kvelden

    Lang dag i dag virker det som. Eg sovna rett etter middagen, skal tru om kotelettar og brokkoli vart for dryg kost.
    Bråvakna av eit pling frå samsungen, fikk melding av ei fin frøken på chatten ;)
    Man er heilt i ørska etter å ha sovna for tidleg på kvelden. Du kjenner kanskje følelsen av dagen derpå,

    -Tok ein sykkeltur, og ligger no lys våken. Kroppen er i total ubalanse.
    Kva skal ein gjere? Revejakt? Fisketur, eller nok ein sykkeltur i sumarnatta.

     

    Takk og lov at eg skal ha ferie om 4 dagar !

    0

    Giro 'd Fjaler- Dale-Korssund-Lammetun


     


     

     

    Kva gjer ein når ein har fått seg ein fridag, det er over 30 grader og ikkje ei einaste sky på himmelen?
    Då gjer ein noko som ein aldri har gjort før.

    Guddalen rundt, check
    Jølster rundt , check
    Viksdalen t/r check
    Dalsfjordbrua t/r check
    Gaularfjellet, t/r check


    Då gjenstod Dale- Lammetun via Korssundet. 

    Tja kvifor ikkje? Seig tur, ja, mest sannsynleg.
    Det verste partiet er alltid det første, spesielt når sola svir i nakken og svetten sit lausare enn vanleg. Men alt går på eit vis.
    Og når maskineriet går skikkeleg så skal det mykje til for å øydelegge framdrifta. Frå Hellevik til fergekaia på Fure var det spurting som gjaldt. Strøken svart og varm asfalt.
    Eg kom i god fart ned mot fergekaia som snart står aude att, la frå meg sykkelen for å ta eit bilete. Men plutselig ut av intet, som troll i øskje, der møtte eg eit masetroll av ei dame, hyggeleg og grei ved første augekast.
    Men so forstod eg at ho truleg hadde ein eller fleire skruar som var lause, eller kanskje ho ikkje hadde snakka med folk på alvorleg lang tid.
    Typisk øksemordar som et sniglar og anna ho finn i hagen.
    Eg kom meg nesten ikkje derifrå, ho ville fortelje om russerleirane som var der under krigen. Ho forklarde detaljert og utan oppfordring om mange vegar som enda på Lammetun. Alt på skjærande og skrikande bergensk.

    Omsider fekk eg lausrive meg, og trakka hardt vekk frå Fure fergekai. Eg var framleis i live, og kunne nyte den nylagde asfalten.

    Den nylagde svarte asfalten, som eg ikkje har eitt forbanna bilete av, den var so varm at ein fekk sjå heftig mirage på dei lengste rette strekningane. Då kjende eg at varmen vart sterk. Den låg jamt mellom 28,7 og 32,7 grader i skuggen, eg torer ikkje tenke på kor varmt det var der i solsteika.

    Turen ut gjekk fint, og turen tilbake gjekk fint, men ein ekstra halvliter væske hadde gjort seg :)



    // Innom Fure fergekai //



    // Ein skugge av meg sjølv //



    // Olavskorset , her var Olav dei Heilage for nokre hundre år sidan. //


    // Fjørå i fjørå // #norrøna



    // Lammetun bru //



    // Noko fortel meg at desse kystnære stroka ikkje er kjerneområde for omreisande tiggarar //






    Turen kan beskrivast med eitt ord : Utruleg varmt !

     

     

     

    #sykkel #trening #blogg #sport #sykkeltur #viking #kors #fjaler #væsketap

    2

    Symbolikken

    Eit bilete illustrerar betre enn eit moraliserande innlegg.

    Men dykk ser vel kva eg vil fram til?




    #helse #sunnmat #mindresukker #paradoks

    0

    Søndagstur d' Gaular

    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits