• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 1

    Ny fiskestang! #3


    #3

    G*LOOMIS



    Da har eg offisielt hamna på fluefiskekøyret igjen....


    #3 #fluefiske #sportsfiske #loomis


     

    0

    Bygstad i kveldsol

    Under the Bighorse Mountain

    På smale vegar

    Slike vegar likar vi :)



    #merida #sykkeltur #sykkel #storehesten #bygstad

    0

    Smårips

    Modnes sikkert snart :)

    1

    Skogstur Førde-Gaular

    Vestlandsnatur

    45 minutt ned til Førde, 60 minutt oppatt til Gaular.

    Hunden gikk rett i senga og la seg :)

    #tur #hund #elghund #førde

    0

    Fjelltur etter fjellørreten

    4

    Kveldstur langs Dalsfjorden

    Ein solskinnskveld

    Matpause på veg heim att. Natronkake med brunost smakar nydeleg i nærleiken av Osfossen og ;)

    Valgets kval

    #sykkel #trening #gaula #natur #blogg #sykkeltur #merida

    6

    Vesleulv har fått valp !

    Her ser du østrogen i fri flyt.

    Innbilt drektighet strikes! Og plutselig blir alt av leiker og sokkar til potensielle kvalpar.
    Får ilt av hunden som forgjeves prøvar å få livstegn frå dei inbilte ungane sine.
    Nå er alt av leikar gjømd vekk, og gråfrøken har begynt å ro seg ned.
    Hard mosjon og lange turar er betre enn hormontablettar.

    #elghund #hund #trening #blogg

    4

    Måtte heile sumaren verte slik :)

    0

    Varm kveldstur

    Alt fungerer bra for tida, har hatt ein roleg korttur i dag. Leggmasasje hadde likefullt gjort seg, men ein kan ikkje få alt her i verda ;)

    #sykkel #sykkektur #blogg

    2

    UFRIVILLIG NY TATOVERING :(

    Heldigvis lar den seg vaske vekk :)

     

     

     


    #tatovering #blogg #sykkel #kjede

    2

    Tour 'd Gaularfjellet

    For å vere heilt ærleg og oppriktig;  -Eg er sliten i kveld.

    Etter 8,9 mil ,i skjøne omgjevnader, derav halvparten i relativt hard stigning mot toppen.
    Om du ikkje visste det, slikt tærar hardare enn ei 10-mil i flatt terreng.
    Kvifor la eg ut på ein slik tur på ein sundag der alle låg i sola, eller sat i skuggen og drakk brus? Fordi eg kunne, eg har aldri kunne før.
    Og ein annan motiverande faktor, eg kjenner ingen som hadde gidda å gjere det same. Eg elskar å gjere ting som ingen andre gidder eller finn motivasjon til å gjere.

    Det er smertelig og brutalt når det står på i dei verste stigningane, men fyttifaen for ein herleg følelse å nå eit slikt mål.
    Smerte og utmatting vert fort gløymd.
    Det var ein ubeskriveleg følelse å stå på toppen og kikke ned.
    Turen heim igjen gjekk litt lettare, men eg fekk påminning om at ein bør ha med niste på slike turar.
    Når ein ligger på ein slik tannpirkar av ein racersykkel i ein fart som kjem opp mot 95 km/t (om ikkje meir), då bør hovudet vere klart.
    Eit sekund der ein er uoppmerksam får truleg fatale fylgjer.

    Eg har sjølvsagt ikkje/aldri sykla over 80 km/t  ;)



    Muskulaturen i leggar og lår seier at no er det tid for kvile :)










    God natt!







    #sykkel #gaularfjellet #merida #sykkeltur #blogg

    0

    82 km/t

    Gjekk litt fort i svingane.


    #sykkeltur #sykkel #fartsgrense

    4

    Hjortefrøken, uskuldig og einsam.



    #hjort #naturfoto #gaular

     

    Fleire bilete og videoklipp finn du HER

    0

    Restitusjon etter infeksjon

    Eg har fått ein infeksjon som herjar med luftveiane og diverse annasom ikkje teng utdjuping. Det gjev ei forklaring på kvifor kondisen plutseleg forsvann før helga. Hadde fint driv opp mot Langeland, og so plutselig, tungpusta, høg puls og kvalme. Måtte berre trille heimatt.
    Eg kan like greit inrømme ein ting, først som sist. Eg vart skremt, og tenkte tilbake på fjoråret, mykje tid gjekk tapt på grunn av langvarig sjukdom.
    Eg har vore langt mer heldig i år :)

    Det her er ifylgje fastlækjaren smittsomme saker, og eg må halde meg for meg sjølv i eit par dagar. Viktigst av alt:  ikkje hoste på pensjonistar og andre personar i risikogruppene.

    Eg må diverre fylgje lækjarens råd, ete søte usunnheiter, drikke sukkarhaldig brus, eg føle meg som eit vrak akkurat no.
    Full av junk, urein og skiten.

    Ellers skal eg følgje følgande filosofi fram mot helg:

     

    Håpar å kunne halde fram vegen mot toppen snarast !

    6

    SER DU HUNDEN PÅ BILDET?

    // Uskuldigheita sjølv... //

    // Gråhundfakter//

     

     


    #hund #elghund #sommer

    0

    #aurefiske

    0

    Godt verktøy er halve jobben

    0

    Oppsummering

    0

    Maskulin ømhet

    Til og med vi menn kan ha det litt skikkelig rundt oss ;)


    #maskulin #ømhet

    4

    KLAR TIL PINSEFEST MED REVEN !

    0

    To kviledagar

    Kroppen treng no nokre dagar til restitusjon. Eg unnar meg heimelaga pizza (lenge sidan sist eg åt junk)og fruktdrikk beståande av mosa bringebær og vatnmelon.

    No er det helg!

    2

    Kveldskos

    Eg har i kveld hatt ein roleg trilletur. I starten. Nokre spurtar her og der etter kvart, mest for å bli ven med den nye sykkelen. Og eg følar på meg at det blir eit godt vennskap.

    På veg heim la eg meg høgre i fart og sette høgt tempo dei siste 5 kilometerane med slak stigning. Det gjorde seg med ein god dusj etterpå :)


    God kveld til deg !

    13

    Fått meg racersykkel :)

    Ny sykkel på meg i dag, eg har kun prøvd den nokre små mil, men du verden så kjekt det var.



    MERIDA RACER RIDE94

     

     

     


    #sykkel #merida #racer #sykkeltur #sommer #blogg

    15

    MANNLIG BLOGGER, SPØRSMÅLSRUNDE !



    Fyr løs, bare spørr om alt du lurer på,
    alle får svar! Ingen spørsmål er for dumme :)

     

     


    -Kristian-

     

     

     #spørsmålsrunde #motivasjon

    4

    Supert alternativ til Gastric bypass.



    Kjære helseminister, kven du enn er.

    Eg har eit forslag til deg, eit forslag som kan betre livet til mange.
    Dei mange eg snakkar om er dei som får beskjed av legen sin at dei bør ta ein magesekkoperasjon (gastric bypass) om dei vil leve lenger enn året dei fyllar 50år.
    Inngrepet kan lage komplikasjonar for pasienten resten av livet, og bør sjølvsagt unngå slike inngrep.
    Nokre av disse mange nordmennene har ikkje noko anna val, men mange av dei burde heller få ski, syklar, fotballsko, joggesko, truger, og liknande.på blå resept.
    At staten hjelper litt til.

    Mange av disse trenger å få ein enkel start på veg mot eit nytt liv.
    EL-sykkel f.eks vil for den gruppa vere midt i blinken, ein får kome seg ut i frisk luft, og finne det morosamt å sykle rundt.
    EL-sykkelen hjelper til i motbakkane. Men ein må framleis trø rundt pedalane, dørstokkmila vert enklare å gruse hardt.
    Meistringsfølinga er kanskje det mest motiverande følinga ein kan ha, og den som tek alt vidare til nye utfordringar.

    Helsefremmanda investeringar bør gje skattefrådrag eller rabattar finansiert av staten på andre måtar.
    Gjerne på eit tidleg tidspunkt, og ikkje den dagen ein person ikkje klarar å gå til postkassa lenger.


    Ein EL-sykkel kostar langt mindre enn å operere dei som ikkje kjem seg på rett kurs.

     

     

     


    #sykkel #fedme #helse #elsykkel #kickstart

    0

    MERIDA RACER RIDE94





    Da kommer snart den her lekre saken , eg gleder meg som ein unge gjer på julaftan!

    0

    Verdas finaste nabolag

    0

    I'm gonna stand you down



    "if you try to force my compass round -I'm gonna stand you down"

     

    2

    Formiddagstur - Gaularvassdraget

    Den fossen hadde no aldri fått kome inn på Ullevaal stadion under kampen mot Russland.
    Like greit eigentleg.

    Hjelm må ein ha, sjølv om det er ein varm sumardag.

    Ei hand på styret, og ei på kamera.

    Gaularvassdraget må vere blant dei vakraste i verda.




    #sykkel #merida #gaular #sykkeltur

    0

    Solfaktor 6

    0

    Motbakkekos på morgongreina

    Du som har fulgt meg veit at eg likar meg i stigning :)Det einaste problemet er at det er vanskeleg å finne bratte bakkar med asfaltdekke.

    Men so kom eg til å tenke på bakken nedanfor samfunnshuset i Bygstad.

    Kom sjølvsagt ein turgåar ur av intet grytidlig ein sundagsmorgon. Eg lot han vandre til topps før eg klatra i veg.

    Ein får ikke fram kor bratt den bakken er på biletet. Men for å forklare, eg hadde aldri sykla ned med hybridsykkel om det ikkje hadde vore asfaltert.

    Mannen i bakken var forøvrig einaste livsteikn eg såg før Sande sentrum.

    Enten var eg tidleg, eller så har alle andre vore på fuktig fest i går :)

    #sykkel #sykkeltur #motbakke #opptur

    Les mer i arkivet » August 2016 » April 2016 » Mars 2016
    hits