• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    På vei til Nordfjordeid !

    Der ingen kunne tru at ferga kunne snu.
    Fredagen, strålende værforhold på vei til Nordfjordeid og årets villmarksmesse.

    #eid #blogg #ferje

    2

    Alle gode ting er 3

    Har ein MERIDA MATTS og ein MERIDA CROSSWAY300







    Eg håpar og er rimeleg sikker på at neste hest i stallen vert ein skikkeleg varmblods MERIDA RACER RIDE94


    #merida #sykkel #racer #konkurranse #vilje #styrke #design #blogg #sport



    0

    48 pakkar med sukker

    Det er ganske mykje, legg 48kg i ein sekk og sjå kor moro fjellturen vert.
    Teip dei same sukkerpakkane til kroppen og sjå kor moro det er å prøve, og kjøpe klær.
    Prøv å gjere begge to same dagen medan folk er nedlatande til deg.
    "Ingenting er umogeleg, men det tek kanskje eitt og eit halvt år "
    No ligg eg her og dovar meg i sola, tom for solfaktor, men med rikeleg aloe-vera på lur.
    Snart skal grillen fyrast, og so skal det syklast nokre kilometer klatreetappe i solsteika.

    Betre å være høg og sterk, enn høg og svak :)




    #sykkel #grill #sommer #styrke #lykke

    4

    Opptur i motabakkane

    Radfahren verboten, som han sa tyskaren, han gleda seg til jul.

    I går var det kviledag, leggar og lår fekk kvile og innhente seg. Det gjorde godt å slappe av.
    I dag viste vestlandet seg frå si mest sjeldne og kanskje beste side, det var nesten sumar.

    Eg tok fram tohjulingen, han stod og freista,  eg berre trilla fram og tilbake på tunet, alt virka bra med føtene, og eg tok ein liten tur kring bygda.
    Okei, alt gjekk smertefritt.

    Då var det ikkje tvil, ein skal ikkje sova vekk sumardagen, trasevalet; ein rundtur, E-39 til Sande, inn på vegen til Bygstad, tilbake til Osen bru, opp mot Åmot,
    og ei lita klatreetappe opp til E39 igjen.



    Da er i motabakkana eg får meg ein opptur.. ;)

    Utan tvil!

     


    forøvrig, lokalavisa FIRDA har frigjeve nokre bilete frå rittet på Sundag

     

    #sykkel

    6

    KVA SYKKEL HADDE DU VALGT?


    Sykkelen øverst, MERIDA RACER RIDE90 ,

                 ....eller den nederste  MERIDA RACER RIDE94


    Eller har du kanskje eit anna kvalifisert forslag? Kva slags sykkel brukar du?


    #sykkel #merida #racer #landeveg

    7

    JØLSTER RUNDT -2014- Bildeserie



    Den store dagen var komen, utfordringa stod framfor meg. Ingen veg utanom.
    Magen var rar på morgonen, spenninga var til å ta og kna på. Kribling, kitling, sumarfuglar i frysen, hetebyge, og kaldsvette.
    Eg har ikkje konkurrert i noko sidan Lindesnescupen 97' i fotball.

    To koppar med knallsterk espresso, nedkjølt med litt pensjonistfløyte, power-omelett av 4 egg, og nokre hundre gram steikte strimlar av svinekjøt gjekk ned før eg sette kursen mot nabolandsbyen, Førde.
    Tankane svirra, skal eg verkeleg gjere det her, eg er sikkert den einaste som ikkje har proffutstyr og racersykkel.
    Eg har vanlege pedalar,  pysetrekk på setet, vatnflaske med påteipa energibar. Men pokker heller, det er vel bare å drite i, målet blir til undervegs.

    Ein går og seier til seg sjølv og andre at "det er jo berre for moro"  "fornøgd berre eg kjem til mål utan at krampa tar meg"
    Ei sanning med store modifikasjonar. Vi har alle eit sterkt vinnarinstinkt.

    Løypeprofilen tilsa at jamt tempo ville løne seg.




    Her er nokre bilete frå den her veldig flotte dagen i grenselaust vakker natur.
    Eg har til meg og vere teke svært få bilete frå sjølve løpet, men det har sine naturlege årsaker.
    Eg har berre to hender, og ikkje all veg på vestlandet går beint fram.



    Eg fekk meg eit nummer.



    Eit brot



    Ei bru


    Ein landeveg


    Ei utsikt


    Eit målområde


    Ein sponsor og ein sykkel.



    Ein fornøgd ryttar, og ein velfungerande Merida Crossway 300


    Alle set seg eit mål, på førehand visste eg at mange sa at det her rittet ikkje var "eit stykke kake"
    Difor sette eg målsetnaden om å klare rittet på under 3 timar og 30minutt, antakeleg realistisk på desse 90 kilometerane.
    Har tross alt berre sykla sidan påska i år.

    Då får det heller vere ein bonus at klokka stoppa på 3 timar og 8 minuttar :) Eg er godt fornøgd.



    (Nesten nøyaktig ein time bak Mads Kaggestad, kjent frå tida i Crédit Agricole, no er han sportskommentator i TV2. )




    Kven var dei to unge frøknene på Skei?
    Men noko som får meg til å undre og klø meg i hovudet, to frøkner, sikkert i midten av tjueåra som sat like med felleskjøpet på Skei , de skreik og ropte namnet mitt. Ja, dei kunne namnet mitt, og er undrar meg galen, kven var dei ?
    Eg vil gjerne beklage at eg ikkje stoppa og helsa på, kanskje ein annan gang ;) Same tid og stad neste år?




    Etegilde i solveggen, COOP EXTRA sponsa gryterett ,-alle var nøgde og vel forlikt :)


    Eg har i dag vunne mitt livs største siger!

     

    #sykkel #jølster #førde #sykkelritt #jølsterrundt

    0

    Forberedelser

    Nyvaska sykkel og nyvaska syklist.
    Ikkje lenge til rittet startar :)


    #norrøna #fjørå #merida #sykkel

    0

    Under 20 timar til start

    Grugleder meg...

    4

    INGENTING ER UMULIG



    "Det er ikkje noko som er umogeleg, det umogelege tek berre litt lenger tid"

     



    0

    Oppdrag SYKLE TIL JOBBEN utførd!



    Biletet er teke i morgontimane, på toppen av HH i Førde,  eg sykla opp på taket, sånn berre for å ha gjort det.
    Deretter tok eg ein tur oppom COOP EXTRA for å kjøpe ei banan, og samstundes ynskje god helg til tidlegare kollegaer.


    Som du kanskje har tenkt deg fram til allereie, i dag var det ekstra deilig å kome heim , vel vitande om at det her var siste dagen i utfordringa.
    Låra mine framstår som wienerpølse i heitt vatn, og leggane er like sprekkferdige.

    Eg vurderte fram til i går om eg skulle sykle til jobb i morgon også. Konklusjonen er og blir at mine lår og leggar treng ein dag innhenting før rittet på sundag.
    Men då er det full fart framover ! Samstundes må kjøleskapet fyllast igjen, er ein smule lei av sympati-egg, forøvrig innkjøpt i stort tal, i protest mot Sylvi Listhaug og dei andre distriktshatarane i den blå-brune mindretalsregjeringa.


    Då er det berre å glede seg til sundag, og landevegsrittet Jølster Rundt.

     

    God helg!

     

     

    #sykkel #utfordring #blogg #landbruk #førde

    0

    Det måtte jo skje..

    Å sykle til jobben ei heil veke går ikkje upåakta hen i bygdenorge.


    Men slapp av kjære bygdedyr ...




     

    0

    Torsdag : Sykle til jobben

    Oh for ein herleg motvind frå høgda og heim :)

    4

    Sykkeltur og punktert slange :(

    Akkurat det ein syklist treng, ein punktert slange...



    Slangen hadde same mønster som selbuvottar...og var tydeleg punktert.

     

    #sykkeltur #sikksakk #snake #orm #huggorm


    0

    Ingen veg tilbake no..Jølster Rundt 2014



    90 kilometer i flotte omgjevnader, Jølster Rundt 2014

    - Ingen veg tilbake :)

     

     

    #sykkel #landevegsritt

    4

    Onsdag: Sykle til jobb

    Regnvêret kom som vanleg på ein onsdag. Det var utruleg nok faktisk heilt nydeleg !

    Varmt, vilt og vakkert.


    #sykkel

    2

    Kva bringar morgondagen?

    Lyn, torden og store lokale regnbyger. Vêrmeldaren på NRK varslar at morgondagen vert utfordrande.


    Men pokker heller..

    0

    Moralen får være..

    Lat borna få klatre...

    0

    Tirsdag: Sykle til jobb

    Varmt i dag :)


    #sykkel

    4

    Mandag: Sykle til jobben



    Ja, då prøvar eg på nytt.

    Forrige veke vart øydelagt av regnvêr, og eg fekk berre sykla til jobb tre dagar.
    Denne veka er prognosane langt betre enn på lenge, og den store mannen i den vesle skjorta i tv-ruta melder om høge temperaturar og opphald.

    Målsetjingsykle til jobb kvar dag fram mot helga (laurdag må eg køyre, må jo kjøpe mat)

    Sundag ventar truleg Jølstravatnet Rundt, eit ritt på 90 kilometer.

    I dag starta sykkelveka mi. Og det inneber 2 mil kvar veg, opp og ned frå eit lite fjell.


    Å sykle til jobb tek ca 30 minutter, heim igjen er noko tyngre stigning og tar alt frå 45 minutt til ein time, avhengig av vindretning på høgda. Stigning er eit kakestykke samanlikna med flat mark eller slak nedoverbakke og motvind.




    Fortsetting kjem..


    #sykkel

    8

    Kva syns du om min 17.Mai-stil?




    Ein fin dag går mot natt. Gutane på Eidsvoll var nok like trøytte.

    God stil ?

    God natt !

    4

    HOPP I HAVET vs Dual Survival & Bear Grylls?

    Eg syns eg ser det, at HOPP I HAVET (sjå min video) kanskje brer seg mot USA. 

    Du har sikkert zappa deg inn på eit eller anna reklameoppstykka overlevingsprogram frå USA. Enten det er Mountain Men , beskjegga Youkon Men, eller Dual Survival, med berrføtte "Hule Trestamme" og ein avdanka marinesoldat)
    Vi har og den sokalla bjørnegrillaren. Bear Grylls, han er ein tøffing, han har forøvrig har ein overmodig kameramann, som gjer akkurat dei same risikoane som Grylls, berre at han faktisk går først ut i den potensielle død, som oftast ein liten bekk og nokre vindkast.

    Bjørnegrillaren er so tøff at ingenting drep han. Med eit unntak.
    Og det gjeld alle store tøffe, staute overlevande villmenn frå USA. Dei er livredd vatn som ikkje er lunka.
    Dei har lært at hvis ein brukar ordet "hypothermia" ofte nok, so vil sjåarane tru at om ein dett i ein bekk, og det bles litt, so vil ein døy relativt fort.




    "Wow, im alive, falling on my ass i that 10 cm deep river would kill me!!! , in few seconds the hypothermia would strike! 
    No one would ever find me here. It's over 50 meters away from the closest Burger King. Im lucky to survive..
    Thank you god!



    Desse survivalstjernane har alle kameramenn og kamerakvinner som filmar dei frå alle moglege vinklar medan dei helde på å døy.
    Enten det er frå botnen av ei elv, eller midt i mellom ein skjeggete mann med pil og boge,  og en puma i toppen av ei furu.

     

    Disse amerikanarane, ristar nok på hovudet når dei oppdagar at vi nordmenn finn det moro og festleg å bade i noko som hadde drepe den tøffaste survivalisten frå USA.
    Vi betalar faktisk for å gjere det også. Slik er vi Nordmenn :)


    Survivalmen from The US of A , Your'e hypotherminated!



     

    #hoppihavet #beargrylls #amerika #usa #hypothermia

    0

    #humor

    0

    (P) PRODUKTPLASSERING



    0

    På nye vegar

    2

    Nytt frå Norrøna

    Perfekt til sykling :)

    3

    Firarbanden

    Fire syklistar med proffsyklar.
    Vi heldt følgje frå Sande og like til toppen av Kjelstadbakken. I nedkøyringa vart det umogeleg å halde tritt mot midtlivsfararane og deira racersyklar ;)
    Ein fin tur !

    13

    GULLRUTEN 2014- Når ekte skjønnhet seirer!

     


    GRATULERER Ida!
    Du er sjølve symbolet på sjarm, positivitet, naturlighet, sjølvtillit og utstråling !
    Slike talentfulle frøkner vil Norge ha :)



     

    #gullruten #mote #skjønnhet #sjarm #vinner #blogg #naturlig

    2

    Hopper i havet for Norsk Luftambulanse!

    7

    Langeland - Førde Sentrum

    0

    All respekt!



    Du skal vere hard i nervane når denne tannpirkaren her får farta til å bikke 80 km/t :)

    #sykkel

    0

    Hunsrasta


    // Kveldstur i Brulandsmarka //

    0

    Darwins teori slår sprekkar

    4

    Vis dei ryggen Petter Northug !

    Ein ekkel tsunami av skadefryd og hånlege kommentarfelt på nettet får meg til å bry meg.

    Petter Northug, har nettopp gjort sitt livs tabbe. Han har køyrd i berusa tilstand, og totalvraka bilen sin.
    Handlingen er av dei verste brotsverk ein kan gjere i det norske samfunn. Fyllekøyring skal ikkje aksepteres, det skal herske nulltoleranse.
    Og det veit Petter godt, han har lagt seg langflat, og beklaga ovenfor alle dei som no sit skuffa i dei tusen heimar. Pr no kan han ikkje gjere mykje meir.

    Petter sin fyllekøyring viser oss at uttrykket, "til og med den beste kan gjere feil" faktisk har noko i seg.
    Til og med den beste er eit menneske, til og med den beste kan gjere idiotiske ting.

    Norge treng slike som Petter Northug Jr
    Gutten fra Mosvika er ein fargeklatt som løftar sporten og interessa kring nasjonalidretten vår. Hans fantastiske rykk i skiløypa har ingen nokonsinne sett før, og evnen til å glede folket, samt provosere alle som hatar vinnarskallar, den er unik.
    Svenskar og kommentarfeltcowboyar kan seie kva dei vil, Petter er nr 1 kva gjeld sikrus og vinnarmentalitet. Slike gutar vil gamle Norge ha.
    Dei gutar gamle Norge ikkje vil ha, kommentarcowboyane,  kjem det nokre linjer om straks.

    Petter er ikkje berre ein skiløpar, han er eit menneske, eit menneske som har familie og venner rundt seg. En person med følelesar under huda.
    Kva ville din familie eller venner gjort og ikkje minst følt om det var du som vart hengt ut i media og trakka på i kommentarfelt på landets nettaviser?


    "Skriv om andre, slik du vil andre skal skrive om deg."


    Kommentarfeltcowboyar, ein eigen rase, dyrka fram av og for sofaen.
    Greit nok , dei fleste som skriv drit i kommentarfeltet på nettaviser er av typen som får sin makspuls av å bere søppelposen ut på trappa, og turen til postkassa er det daglege høgdepunktet i livet. Sofa-presidentar hatar at nokre er mykje betre enn dei, og er overlykkelege om dei tabbar seg ut. Medan andre er ute i frisk luft, eller er på jobb, sit desse svulstane og sprer hat, medan dei ventar på chipsposen, colaen og brevet der dei kanskje endeleg får tildelt forbrukslån frå creso, eller kva med ein magesekkinnsnevring på skattebetalerane si rekning.
    Gjer noke fornuftig, dykk late betrevitande cowboyar!


    "Godt planta i sofaen med pc på fanget skal kommentarfelt byggast. Det er folk som tydeligvis forherligar andres ulukke meir enn eigen lukke, og med ein nasetipp så lang at ein elefant ser stutt ut."


    Ein undersøking for nokre år sidan viste at 1 av 4 har køyrd i alkoholpåverka tilstand ein eller annan gang i løpet av livet.
    Det vil sei at av 100 kommentarfelt-cowboyar har 25 personar ein eller annan gang ført motorvogn i berusa tilstand.
    Håpar at dykk vert tekne ein dag, det fortenar alle som køyrer i fylla. -ALLE-

     

    Men i motsetning til Petter Northug Jr, so tvilar eg på at nokon av dykk kommentarfeltsvulstane klarar å herje godt, rykke frå resten og vinne alt i Falun 2015



    Vis dei ryggen Petter!

     

     


    #northug #petter #promille #menneske #kongen

    2

    Morgentur på sykkelsetet

    Giro d' Bygstad en tidlig morgen. Blå himmel, vindstille fjord og flotte opplevelser fra sykkelsetet.

    8

    Hoggormdjevel

    Tenk om dei berre kunne holdt seg under jorda. I år er dei overalt. Buktende kryp med selbuvottmønster på ryggen.

    Og den som har hatt ormeskade på eiendom og familie gjør ofte ende på trusselen.


    #hoggorm #viper

    0

    Gratulerar med 1. Mai !!

    På 1. Mai skal ein flagge, difor er eg svært skuffa over majoriteten av sambygdingane. Mange glisne flaggstenger i bygda i dag.

    Skjerpings!!

    Til alle dykk andre, håpar dagen vart nytta til noke positivt :)


    Eg har fått trilla litt rundt på bastarden og møtt fleire rare skapningar, med og utan høyreapparat. I den samanheng, ein ørliten beskjed til den halvhøge bebrillede turgåaren med rosa joggebukse, du som skvatt til i botnen av bakken ned til Bekkjavatnet.
    -Eg hadde full kontroll :)






    Friheit må aldri verte slagord for iskald politikk.

    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits