• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Kveldstur med hjortesniking

    0

    Siste åndedrag av kong vinter

    Alt godt kjem til ein ende.

    0

    20 km klassisk (4x5km)

    Vi nærmar oss ein slutt på snøsesongen. Lysløyper vert redusert til berre løyper, jorda smeltar vekk gleda.

    Nyt den siste tida !

    0

    15 km på rulleski

    Snakkar om gnagsår i handflatene ;)

    0

    Første tur på rulleski !

    11 km staking :) Ny opplevelse for meg. Litt sånn vaklande ploging her og der, for det freistar ikkje å ramle på asfalten. Ein har ikkje bremser på rulleski.

    Eg var litt overivrig og det gjekk ein smule utover handflatene mine #blemmer og #gnagsår

    Kjekt å vere i gang!

    #rulleski #trening #ski #asfalt #oneway #swenor

    0

    Nr 33 i Skogahogen Opp 2015



    Langfredag, og start nr 13. Ironisk nok -
    Målsetjinga var å ha minst ein bak meg på resultatlista, og eigentleg berre fullføre motbakkesprinten.
    Start nr 14, og teamkamerat Bjørnar gjekk eit godt løp, og endte på ein fin 23. plass.





    Staden var Jølster Skistadion, målet var Skogahogen, vel 2,6km lenger oppe i fjellet.

    Skøyting i motbakke, perfekt utfordring!
    Eg starta truleg for hardt, ifølge trackeren hadde eg ei toppfart på over 20 km/t i opp dei første bakkane. Armane og overkroppen jobba intenst, låra kjempa tappert dei og. Snittfarta låg rett i overkant av 8 km/t

    Bakkane vart seigare og seigare, mjølkesyra var på veg , eg måtte berre kople ut alle tankar, og berre fokusere på å nå toppen. Det handla om noko so enkelt som å nå toppen. Under oppvarminga gjekk laget halvvegs opp mot målområdet, so eg hadde ikkje sett terrenget og målområdet før rennet. Og då må ein finne rett hastigheit og intensitet, noko som skal halde heile vegen. Ellers går det heilt gale.

    Det var eit fantastisk publikum langs heile løypetraseen, med sauebjeller og heiarop. Dei medvirka og inspirerte.
    På ca 1,5km innbilte eg meg at det stod kjentfolk og heia, ho kunne namnet mitt i allefall, og det gav eit push i rett retning, opp.

    No var eg på veg inn i ei boble der alt handla om å halde jamn fart heile vegen, ikkje bry seg med at nokon kjem kavande bak.
    Eg var duckbreath så det haldt, men eg peisa på alt kroppen kunne takle det siste stykket. Dei siste 500 meterane opplevede eg som ekstraordinært lange. Men eg måtte berre fokusere rett fram, ikkje sjå meg tilbake.

    Då målstreken var passert , vakla eg nokre titalls meter før eg fann det greiast å berre legge meg ned i snøen og gje faen i eit minutt eller to.
    Du verden so herleg !


    Eg berre låg og pusta for ei stund.




    Målsetning: Fullføre, og ikkje ligge heilt nederst på resultatlista.
    Måloppnåing: Kom på 33.plass av 39 deltakarar.



    17:54 var mitt resultat i min første motbakkesprint :)

    Rett so nøgd med tanke på at eg kjøpte mine føste skøyteski i desember.





     Les meir om rennet på firda.no

     

    #langrenn #ski #påske #jølster #skogahogen #konkurranse #motbakkesprint

    0

    Skogahogen Opp 2015

    Første sprintrenn i motbakke gjennomført.  2,6km i over 200m stigning. Seigt og utfordrande.

    Langt treigare enn de fleste, men nøgd med å gå på ei tid under 18 minutter :)

    #siger #skirenn

    0

    Nye utfordringar



    Det er kun i motbakkane at det går oppover, det er kun i dei brattaste bakkane du lærer å klatre.
    Det er kun når du er nær at du saknar. Saknar utfordringar og nye opplevingar. Ein har nesten alt ein treng rundt seg, men berre nesten.

    I dag har eg vore på fjelltur med dei nye Åsnes-skiene, og eg syns dei flaut bra i 20-30 cm puddersnø, eit heilt nydeleg føre.

    Første fjellturen i påska 2015, men ikkje den siste.


    No sit eg og lurar litt på om Skogahogen Opp kan vere utfordringa eg søker. Eit motbakkeslit som blir omtalt som eineståande.
    Det kjem til å vere stappfullt av folk i og utanfor løypa.. Eg kjem ikkje til å gå like fort som dei aller fleste deltakarane. Eg kjem til å puste og pese frå start til mål.

    Litt sånn #duckbreath må ein rekne med ja. Og so skal sjølvaste Oddbjørn Hjelmeset også delta i løpet.





    Men kva er vel ein vinnar utan nokon til å fylle resten av resultatlista?




    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits