• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Merkedag

    30. April, ein dag eg aldri gløymer.

    99,6 prosent sikker.

    0

    My biggest fan !

    Min type humor..

    0

    SKIKKELEG BADBOY ;)



    Slik gjere eg av og til, men som regel kun når eg skal vere skikkeleg  #badboy

    Eller var det for sjølvmotsigande?


    #sykkel

    6

    Eg ser skummel ut...

    Eg er ikkje så skummel som eg ser ut ;)

    0

    Green tarmack headlines

    0

    Rolig sykkelkveld

    Snartur til Sande.

    0

    Destinasjon: Dalsfjordbrua

    Nok ein strålande dag på vestlandet, slike dagar må nytast.
    Først ein liten fjelltur


    Kjapp morgontur opp i middels høgde, sola steikte, og snøflekkane minkar tydleg frå morgon til morgon.



    Siste rest smeltar for vekk.

    Deretter drog eg på ein liten sykkeltur via Sande ut til Dalsfjordbrua. Brua nokre elskar, og somme hatar.
    Det er ikkje av dei lengste turane, vel 38km kvar veg heimanfrå,men variert landskap og kupert vegbane gjer dette til ein interessant destinasjon.
    Etter mi meining tynggre enn f.eks Gaularfjellet.



    Fantastisk tur :)
    4

    Tour 'd Guddalen - 68 kilometer i vakker natur !

     


     

     

    Le Tour 'd Guddalen 2014

    Sykkeltur over tre kommunegrenser.




    Fjaler kommune har forstått at asfalt er tingen, farvel Gaularske grusvegar, måtte markerast med ei bilete og slikt.



    Pitstogg etter 21km , etterfylling av drikkeflaske før stigninga tek til.

    16 km til Vadheim, ikkje langt tenkte eg.



    Stigninga har teke til, og eg har prinsipp om at føtene ikkje skal vere nedi asfalten før eg har nådd høgste punkt. Fantastiske omgjevnader får tankane til å flyte.



    Høyanger kommune, og sola steikte på armar og pannebrasken.



    Farvel Fjaler, takk for flott natur og ei helvetes stigning.






    Flott Langfredag!



    Hybriden, beistet !





    Etter en fantastisk fjelltur gjenstod bare ned nydelige nedkøyringa til Vadheim. Alternativt med kano?



    Fritt fall til venstre, fjellvegg til høgre, omtrent som i politikken.



    Vadheim sentrum, trivelig plass.



    Fins ikkje vakrare sykkelvegar.



    Til og med sognefjorden smilte til meg :)



    Hybriden igjen, pitstogg i Vadheim.



    Gaular kommune, ein av dei finaste plassane, Drægebø.
    Kjend for dei flotte gamle bruane i området. Bestemor mi kom frå den solrike garden til høgre i bakgrunnen.



    Herifrå og heim gjekk det fort, nesten flat veg må vete :)



    Og etter ein slik tur må ein ha ekte vikingmat i magen...
    Ein føler seg litt Obelix når ein klaskar eit heilt lår på grillen, men er ein opptatt av god og sunn mat, ja då kjem ein ikkje unna lammelår.



    Nytast under sola i lag med rå lauk, rømme og ein iskald cider :)



    Langfredag, det her er nok den den finaste påska eg nokonsinne har hatt.
    Og best av alt,  vi har tre heile dagar att :)


    Fortsatt god påske til deg!

     

     

     

     

     

     

    #påske #sykkel #natur #lammelår #tour

    2

    Bli kul uten hodekul ! Bruk hjelm.

    Eg har ikkje brukt hjelm sidan tida då eg køyrde rundt på ein kvit og blå Suzuki TSX 89'

    Hjelm og hjelm..
    Å kalle den for hjelm var kanske litt overdådig då berre halsstroppa og forma på hjelmen var inntakt. Visiret og innhaldet vart spreidd over den sørlandske landsbygda over lange sumarskveldar. Vi køyrde med hjelmen på albogen, dumme som vi var.

    Men ingen store smellar oppstod og ein kom som regel frå den epoka utan anna enn ribbeinsbrot, knekt sjølvbilete og kjøtsår. Noko som liksågodt kunne vore eit resultat i ein lokal fotballkrig ingen av laga ville tape.

    Tida med oppjekka og småjustert TSX med oppbøygd skiltplate enda godt.

    Etter å ha sett kva ein moped eller motorsykkel kan øydelegge har eg valt å kun halde meg til syklar der en sjølv må lage farta. Ein vert og sterkare enn de som ikkje syklar.

    Sykkel er tryggare, men ikkje eingong her er ein trygg. Det er ein risikosport med ein gang riksvegen eller E-39 skal nyttast. Bergensregistrert SUV der sjåføren truleg har arva førarkortet er kanskje den verste faren. Enkelte bilistar trur at dei eige vegen, og køyrer forbi sjølv med motgåande trafikk.

    Før var eg ein slik som lo av folk som gjekk med hjelm innandørs, og lurte på kvifor i helvete skal syklistar ligge side om side i vegbana.  Eg har no lært meg at det heile skuldast sikkerheit, og aerodynamikk, må prøvast for å forståast. Når eg no køyrer bil og ligg bak syklistar tek eg det heile med stor ro, og er nysgjerrig på kva syklar dei har.

    Om ein les kommentarfeltet på Nettavisen, så ser ein at mange ikkje skulle hatt førarrett på bil.
    Ein eim av kommentarfeltcowboyar som sit godt planta i sofaen, et godteri på NAV si rekning og uttalar seg om noko dei ikkje har peiling på.

    Eg brukar hjelm no, og det bør du og gjere.
    Spesielt om du vaks opp i den tida der følgande mantra vart repetert i skulegården :

    "Bli kul, uten hodekul "


    0

    #Søndagstur med ny sykkel

    0

    Ny sykkel !

    Merida Crossway 300, ein snasen hybridsykkel for lange turar.

    0

    MERIDA- CROSSWAY 100 GENT


    Fikk veldig lyst på!

    Den er rett og slett noe av det råeste innen hybridsykler :) Sjekk her

    0

    #Brulandsmarka





    Kveldstur til Bekkjavatnet.

    0

    No pants is the best pants!

    Kan ikkje seie å kjenne nokon sporty menneske som har eit utstrakt og utsvevande bruk av joggebukser

    Eg knytter denslags bukser til slappfiskar og rusmisbrukarar. Og dei som berre likar slike bukser, dei fins dei og.


    Uansett....


    0

    Frå Fjorden til Fosseheimen



    // Nasjonal turistveg //



    // Slitaren min //

    // Hestad kapell //

    // STENGT? Shit pomfritt //



    // Frå fjord til Fosseheimen, med ei fantastisk omvisning //


     

     

    STATUS: 68km tilbakelagt, ømme lår og leggmusklar fekk eit velfortent varmt bad.

     

    God natt!

    13

    RØYKING FORBUDT !

    På høg tid at røyk og annan tobakk vert fjerna frå samfunnet ein gang for alle.


    Røyking skulle vore forbode 15 fot frå alle plassar!

    Kvifor skal det være fritt fram å fyre opp kreftpinnar på offentleg stad?
    Kva kan forsvare at noken sit og forgiftar omgjevnadane på benkar i parkar, på utsida av kjøpesentre, og verst av alt, på utsida av sjukehus?

    Før visste ein ikkje betre, men frå tidleg 90-tal fekk alle kunnskapen om at røyk drep oss, det øydelegg lungar, det hemmar oksygenopptak.
    Og ikkje minst, det er like kreftframkallande den dag i dag.

    Dagfinn Høybråten (Høgbråten på nynorsk) innførde på tidleg 2000-tal røykelova. Lova verna tilsette i utelivsbransjen mot passiv røyking og inhalering av kreftframkallande røyk.
    Eg hugsar godt ramaskriket frå fleire restauranteigarar som spådde konkursar og daude år i bransjen

    Dei fekk feil. Samfunnet vann ein stor siger.


    // Slik vart røykeloven sine tilhengarar omtala //



    Eg gremmast når eg går forbi folk som står og røyker på utsida av butikkar, røyken siver rett i ansiktet på forbipasserande. Røykarane, dei står og lyser av lite kunnskap.
    Eit levande døme som er verdt meir enn ein iq-test.

    So eg undrar, kven vert den neste politikaren som tør å gjere noko som ikkje alle er einige i, men alle vert fornøgd med i ettertid?

    Kven tør å foreslå forbod mot all røyking på offentleg stad, og til sjuande og sist få vekk all tobakk frå Norge ?

     

     

    #røyking #forbud #helse #politikk #miljø

    4

    Stakkars musklar, trenger massasje.

    Etter snar....

    40 km på sykkelsetet var nok årsaka til at samtlege musklar i lår, legg og fot slo seg vrange samstundes.

    Så mykje fysisk smerte har eg aldri følt før. Og slikt skjer sjølvsagt midt på natta.
    Du kan ikke bevege deg utan at musklane krøllar seg, vrir seg og held helvete. Alle forflytingar forverrar følinga i føtene.

    Du berre ligg på golvet, i ørska, du kaldsvettar og håpar at smertane skal forsvinne. Eg trur at det er meir behageleg å spenne leggmuskelen i ei skruestikke og berre gyve laus med hammar.

    Eg berre stod og slo med snytta nevar på lårene, smerta ville ikkje avta, og tankane for i hovudet ; er det slik mor mi verkar i hofta før vèromslag? Skal eg no døy? Tenk om eg vert funnen på golvet med ein fot i kvar retning.

    Nei, frå no av skal eg drikke meir vatn, og tøye ut etter lange og bratte etappar på sykkelsetet. Skal ifølge dei lærde fungere.

     

    Så i dag har det vore kviledag, kun ein liten tur med sykkelen i dag.
    Fekk filma den tøffaste delen med hovudkamera, berre sjå her :)


    #Hekladuk #sykkel #sport #muskel

    2

    Sykkeltur til Førde

    Dagen for bryting av barrierer, flytting og passering av grenser.
    Det skulle sykles, luft i dekk, lys montert, og middag innabords.

    Leikande lett og moro.

    // lyskilde montert foran og bak, just in case rattrap, og fordi det er påbudt. //

    // Red light biker //

    // Målet, Førde kommune //

    // Under fartsgrensa, men måleren på Skilbrei viste skostørrelsen min//

    4

    #GRILLTIPS - få perfekt røyksmak på kjøttet

    Hva gjør du når du vil ta grillingen ett stort hakk videre?
    Det eneste stedet vi har noe å lære av amerikanerne er ved grillen.
    Påska er rett rundt hjørnet og da starter grillsesongen for alvor, tonnevis av sommerkoteletter og grillribber fordøyes i lystig lag.
    Sunt og svinaktig godt :)

    Trikset er ganske enkelt og noe alle grillsjefer klarer.
    Først av alt,  alle grillsjefer med respekt for grillkunsten bruker kullgrill. Det er et ufravikelig krav.

    Gassgrill er for amatører og menn uten særlig høy machofaktor og selvrespekt.
    Til grillrøyking bruker jeg spon av Hickory, det gir en velbalansert nyansert røyksmak, og en fin farge på kjøttet.

    Hvis du trodde at Gildes sommerkoteletter var røkte koteletter, da vil du få en ahaopplevelse av skikkelig røyksmak.
    Dette er ekte, ikke injisert eller sprayet på. Dette er røyk, smakfull røyk.

    Prøv med svinekoteletter og svinefilet, det er det reneste og sunneste kjøttet i butikken.
    Skyter du din egen mat ? Hjort og gås smaker også bra på grillen.



    Slik setter du en ekstra spiss på grillkjøttet.


    -Kull og tennvæske får spalte seg sammen i ca 15minutter før du fyrer opp.
    -Når grillen er klar og har passelig strålevarme legger du på kjøttet (ikke i frossen tilstand)
    -La kjøttet få frese litt på hver side, ca 2/3 ferdig.




    // Flytt kjøttet til hvilesiden av grillen, og fyll på røykspon av typen Hickory.

    // Legg på lokket slik at alle flammer dør ut.



    // 15 minutter er alt som trengs. Du har nå velsmakende og saftige Hickorykoteletter.



    // Hickoryrøkt svinekotelett med finhakket løk, isbergsalat, mais og Tine ekstralettrømme.




    Jeg bruker røykspon fra SMOKAI 
    Det er godkjent til næringsmiddelbruk og gir perfekt resultat hver gang.


    #smokai #grill #grilltips #vår #blogg #mat #kosthold

    0

    ÅRETS FØRSTE SYKKELTUR

    4

    Svar på gjettekonkurransen: VÅPENSØKNAD !



    Her er innholdet i brevet...

     

    Fikk svar på to våpensøknader. En på jaktrifle i .308w og en på halvautomatisk jaktrifle i cal 22.LR :)

    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits