• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 2

    Birkebeinerrennet 2016



    Frå draum til verkelegheit.

    For ca ett år siden sat eg og såg på Birkebeinerrennet direktesendt på NRK. Eit fantastisk vakkert landskap og ein folkefest. Den ultimate manndomsprøva, uansett kvar du kjem frå, kvar du bur og kven du er. Verdens vakraste skieventyr, flotte løyper, stemning og publikum.
    Då bestemte eg meg, det der skal eg oppleve ein gang i livet, sjølv om klassisk langrenn ikkje heilt var mi greie. Eg hadde no eit år på meg, eit år til å gjere kroppen klar til 54km i historiske skiløyper. Eit år til å komme i noko betre form og lære meg klassisk teknikk.  Eit år til å nå målet, eit år.

    Eit år høyres mykje ut, men sommaren går fort, den flyg som eit eikelauv om hausten. Eg nytta sommaren til sykkel og kjøpte nokre par med rulleski. Plutselig vart eg ein del av laget til Klubb Sandwich, verdens råaste lag innen langrenn og rulleski. Slikt får fram dei siste prosentane av ytelse, slikt motiverar, eg var no ein del av eit lag som står saman, vinn saman og lagar show. Følg oss på instagram: @klubb.sandwich

    Sommaren gjekk fort, som vanleg. Sykkelturane var tallrike, men eg var ikkje heilt i hamn med rulleskisesongen før hjortejakta og haustværet bremsa viljen litt. So kom jula og varierande skiføre. Då skaffa eg meg nye ski, to par faktisk, Fischer Zero+ og Fischer TwinSkin Race. Og eg kan med ein gang seie at TwinSkin er den skia eg har vore mest nøgd med. Den har eg brukt på alle typar føreforhold. Og då eg stod på Tingstadjordet var det Fischer TwinSkin som skulle føre meg frå Rena til Lillehammer. Alpina CCL+ Maraton skulle halde meg stabil, og swixstavane skulle ikkje knekke, og racingdressen fra Oracksport skulle halde meg varm, og ikkje minst -lage show ;)

    Pulje 17 hadde start 09.25 - Og startskotet gjekk.
    Vi snakker klynge, det var så utroleg mange deltakare, det gjekk veldig sakte den første mila, dette var ein nydeleg og mjuk start på rennet, slak oppoverbakke, det var berre å finne riktig takt og pulsnivå og prøve å avansere så godt som det let seg gjere, På Skramstadsetra hadde jeg klart å avansere ein del i feltet og var like bak den forventa timen, noko eg egentlig var nøgd med i slushy påskeføre og minimalt med spor. No var det godt med drikkestasjon, og eit påfølgande nydelig flatt staketerreng, her var det berre å bruke teknikk, passere flest mogeleg og ikkje gå altfor høgt i puls.

    Etter ei lengre slak stigning og en del sporskifter kom endeleg ei solid nedkjøring, her var det berre å sette seg i låg hockeystilling og nyte naturen og den gode gliden i skiene. Eg suste avgårde med eit smil om munnen. Akkurat der hadde eg ein kjempefordel med TwinSkin, preppa med svart maratonglider.
    Rakettføre og rein skjær glede. En henta inn ein bråte med ikkje like gode ski i alle nedkøyringar og slake nedoverbakkar. Eg kvila i hockey og glei lett forbi dei som staka nedover.

    Drikkestatsjonane med maxim, cola, banan og vestlandslefse var kjærkomne. Og det var strålende solskinn hele veien, Dambua- Kvarstad , og det nydelege Midtfjellet, ei fantastisk stakeetappe, eit fantastisk folkehav på Sjusjøen. Bålrøyk, skål, påskestemning og musikk.
    Klart du kjenner det i lår og armar, men du får ekstra krefter når steminga er god. Du har eit ekstra gir.

    På Sjusjøen forvann festet på skiene, då var twinsa metta med klister og låg som limt mot sålen. Men det var då omtrent kun nedkjøring og lange stakeparti igjen. Ei seig strekning under høgspentlinja, pill råtten snø, og sugeføre. Her brukes dei siste kreftene, jevn frekvens på staking. Så er det sjarmøretappen igjen, inn på OL-arenaen der Silvio Fauner slo Bjørn Dæhlie i 94' - -

    Og på bildet under ser du blikket du får når du på oppløpet etter 54kilometer har ekstra krefter til å stake forbi ein gjeng frå pulje 10



    "Du hadde ikkje mord i blikket, det såg meir ut som uttrykket for eit overlagt drap"

    Eg vart nr 5836 i rennet :) Og brukte 5 timar og 11 minutt .

    Gleder meg stort til Birkebeinerrennet 2017 !



     



    #Birken #klubbsandwich #langrenn #sport #trening #oracksport

     

    0

    Kalsetrennet 2016



    Eg fekk impuls til å delta i det tradisjonsrike Kalsetrennet.

    Eg visste eigentleg ikkje kva eg gjekk til, men all utfordring er god utfordring.
    Og med logoen til Klubb Sandwich på drakta var det eit spesiellt augeblikk.

    No venta ca 24km fellesstart,  med kupert og tungt terreng, og kva ska ein gjere når ein plutselig står der på startstreken? Då må ein fullføre, fullføre med stil.
    Eg plasserte meg langt bak i feltet før start, og planen var å henge på bakerst, då eg hadde ei aning om at dei fleste ville passere meg uansett.

    Startskotet gjekk, eit skikkelig knallskot. Og då kobla eg ut alt av taktikk, og staka avgårde med feltet, det var eit forrykande tempo, eit tempo min kropp ikkje har hatt før, og eg må innrømme at det hadde vore flaut å gå på ein sprekk allereie på sjarmøretappa innom stadion.
    Det gjekk akkurat, men det kosta meir enn det som klokt var.

    No var rundene i lysløypa unnagjort, og det var berre å finne eit behageleg tempo på resten av eventyret, for det var og er for meg framleis eit eventyr.
    Om nokon hadde ynta frampå at eg ein dag skulle gå, og ikkje minst fullføre Kalsetrennet i konkurranseklassen uten å ende heilt sist, då hadde eg ledd hjarterått.

    Løypetraseen er fantastisk flott, knallhard og kupert, nokon ekle og ufyselege fiskebeinsbakkar, men også med eit par lange slake stakeparti heldigvis. Det gjeld å disponere riktig, spesielt for dei med teknikk som ein skiftenøkkel, som meg.

    Under rennet passerer ein to drikkestasjonar, det var utruleg godt med varm saft, sjølv om 2/3 av innhaldet traff startnummeret. Langs løypa var alt frå eldre folk,  heiagjengar og små munnrappe unger uten oppdragelse. "Vi heiar på deg fordi du er mykje dårlegare enn dei andre"

    Det er då du berre ler høgt og hånlig ;) og får det siste lille ekstra, akkurat det du trenger på dei lange motbakkane etter siste saftssøling. Kroppen begynner å samle seg litt igjen, og du bare gir gass, staker i motbakken, risikerer liv og lemmer i nedkøyringa, og tar ut akkurat nok til å få ein god følelse.

    Siste 5 km er den nydeligste delen av løypa, flatt og fint, herlige snauflater, det var bare å nyte den og stake seg inn til lysløypa, og sette telemarknedslag på målstreken.
    Det beste og viktigaste av alt, eg kom ikkje sist :)


    #ski #fischer #alpina #gsport #langrenn #klubbsandwich #tredjeplass

    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits