• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Årets første sykkeltur



    I kraftige vindkast og snøbyger :) Forfriskande!


    #sykkel #merida #westcoastofnorway #ride94 #sport

     

     

     

    0

    På veg mot toppen, i klassisk stil!




    No har eg omsider fått gått litt klassisk, etter nesten 600 kilometer på skøyteski. Kanskje var det tanken på neste års store mål, Birken2016 som er årsaka til at eg no tenker å gå klassisk fram til snøen forsvinn.

    Klassisk er noko eg alltid har sett i samanheng med pensjonistar og turfolk med sprakande gamasjar og appelsinskal i løypa.
    Ein stil eg egentlig aldri har hatt stor sans for personleg. Lite visste skøytaren om at han skulle ta fram Madshusparet frå boda i år. Men slik gjekk det.

    Men når sant skal seiast, det er faktisk moro, men då kun om ein har skikkeleg feste, ellers røynar det på kne og lår under krevjande fiskebeinmanøvrar.Fiskebein høyrar heime på fiskeslakteri og i levande fisk. Eg har stampa mine mil på bakglatte ski, aldri igjen. Finito!

    Først av alt kan eg slå fast at det går noko fortare med skøyting enn med klassisk stil, ikkje mykje , men nok til at det er eit skilje.
    Eg har dei siste dagane prøvd å utjamna forskjellane, og er no kanskje kome til ei grense som må flyttast neste sesong.
    Det får vere måte på kva ein kan forvente etter ein vinter.

    I dag hadde eg min hittil raskaste klassisktur i Gjøsetløypa, i går gjekk eg den på 53:39 mens eg i dag gjekk den på 49:06

    Det mest morosame i kveld var at eg hadde rimeleg godt feste med universalklister under madshusskiene. Gjøsetbakken gjekk i raskt trav som enkelte ville sagt, og oppå flata var det berre å gje på og bruke overkroppen på staking.

    På veg mot ei bratt kløft som kallast Damefallet innhenta eg to damer, ironisk nok.
    So då fekk det briste eller bære, skulle eg satse æra mi på klisteret, eller berre gå fiskebein til eg kunne smette forbi oppå neste flate?

    Fallhøgda er stor om festet sviktar idet ein hoppar forbi, ein risikerer å sjå ut som frosk, para med ein klovn, som i tillegg er ganske duckbreath.
    Generell utdriting av seg sjølv.

    Den som intet våger, intet vinner!
    Eg valde å satse på klisteret, og hogg skikkeleg til, skikkeleg trykk mot marka, og akselererte småspringande opp på sida og spratt forbi begge damene, i Damefallet ;)

    Derifrå og inn gjekk det skikkeleg fort, med skarpe spor og nydelege knallharde forhold :) Utruleg kjekt å kunne meistre klassisk sopass greit etter relativt få mil i den stilarten.








    No blir det nok meir klassisk framover, påskesnøen favoriserar klassisk stil :)

    Og so kjem rulleskisesongen snart :)






    0

    Westcoast of Norway- Påskestemning i fjellheimen!





    Sjå der ja, eit skred som ikkje klarte å halde seg  !
    (må seiast med "der ingen skulle tru at nokon kunne bu- stemme" )



    So mykje moro eit snøskred kan spre rundt seg :)



    Enkelte stader er stålkanten ei plage, men på knallhard skare har den ein misjon.



    Fantastiske dagar i fjellet, og fleire skal det bli !




    0

    Tidlig påske !



    Ja, i år har kalenderprodusenten bomma grovt med påska, for den er her akkurat i no :)


    Dagen vart feira med ny pers på Gjøsetløypa (44:32) og ein fin tur i heimlege fjell.
    Noko har eg lærd, ha alltid med sportstape og gnagsårplaster på fjellturar :)


    0

    Det du trudde var umulig.

    Etter nokre dagar med springing, kvile og alternativ aktivitet sette eg ny pers på 5km i går. (17:52) Ei forbetring på 6 sekund. "Alle monnar et" , sa ein indianar frå Viksdalen.

    So det var eigentleg ikkje meininga å gå fort i dag, målet var nokre mil i passeleg fart.

    Men har ein med seg gode opptrekkarar på laget er alt tydelegvis mogeleg.
    Føret var godt, sjølv om sporene og skøytetraseen var litt så som så her og der ;)

    Nesten eit minutt forbetring av rekord.

    Ny rekord er 16:56


    Og når eg klarar å passere ei grense, so seg eg grenselause mogelegheitar.



    #langrenn #nypers #motivator #fischer #ski

    0

    Inspirasjon, den er gratis -berre hent den.

    La deg inspirere!



    La deg rive med, la tankane fly som eit eikelauv i stormfulle vinkast. Sug det til deg, smatt på det, smak på det, tygg det,ha det i munnen, overfør den til kvardagen.

    Kort fortalt:
    Ser du noko positivt, ta det til deg!

     

    La deg inspirere! La deg fascinere, sett deg hårete mål, skikkelig hårete, sånne mål som får leggane til finansministeren til å virke glattbarbert.
    Gjer noko som du trur ingen har gjort før deg.





    Mine fremste inspiratorar veit faktisk ikkje at dei er mine beste inspiratorar, dei har ingen aning !





    #inspirasjon #styrke #tankekraft #likes #smil #positivitet

    0

    Klassisk og skøyting

    Først 5km på klassisk, med Madshusskiene som har blitt forsømt i vinter. Blir nok meir brukt fram til og etter påske.

    Deretter 5km skøyting med Fischer Carbonlite

    Kvelden vart avslutta med ein restitusjonstur på ca 4km løping.

    No er dagen over, og eg er under ;)

    God natt !

    #ski #klassisk #skøyting #skitur #fart #fischer #madshus

    4

    Gratulerer med kvinnedagen!

    Vil gjerne få gratulere alle kvinner med dagen!

    Og med kvinner så meiner eg deg som gjer di plikt, og forlanger din rett !
    Ikkje la samfunn og jantelov styre deg! Gjer det du vil, og på den måten du sjølv velje.



    Det er ikkje ein gratulasjon til deg som sit på ræva, du som ikkje gidder å jobbe
    , som heller forventar at samfunnet skal løyse alle dine problem!




    So til deg som har guts til å gjere kva du vil,
    -bli den du ynskjer og tek dine eigne val

    Gratulerer med dagen!


     

    #kvinnedagen #likestilling #rettferdigheit

     

     

    0

    Dei galne har det godt.

    Oppmuntring i kvardagen :)


    Eg sat på pauserommet på jobb og diskuterte aktivitetar og planar for sommaren. 
    Midt mellom ei tørr og trist karbonade og ein sup med kullsyrehaldig vatn frå Olden kom eg med eit forslag.

    Eit forslag om at eg og kollegaen min kunne konkurrere på rulleski i sommar og avslutte med ei tevling i konkurranseklassa på neste års tradisjonsrike Kalsetrenn.
    Eg sa at eg faktisk kunne tenke meg å skøyte opp frå sognefjorden sin tarm i Balestrand, og opp til platået på Gaularfjellet.

    Vi snakkar artig og krevjande stigning.
    Noko som for meg virkar freistande og noko ein må gjere før ein vert gammal og ubrukeleg. Fyttigrisen so kjekt det hadde vore, i solsteike og høg temperatur.

     

    Min kollega senka lokalavisa, såg på meg med skeptisk auge og sa; det verste er at du faktisk kjem til å gjennomføre planane, for du er jo gal !


    Yess I am





    2

    Sjå deg tilbake




    Av og til må ein sjå seg tilbake berre for å konstatere at ein har satt spor etter seg.

    0

    Kalsetrennet 2015



    Ein gang måtte jo vere den første. Passa perfekt å vere skitestar i dag :)

    No skal eg innrømme at begge lår er stive som stål i kveld, eg har ikkje gått klassisk på fleire år, og då kjenne eg det godt i låra, ikkje unormalt etter ca 20 km diagonalgang :)
    Skulle eigentleg ha nokre km med intervall i kveld, men desse låra seier nei, eit klart nei.

    Det var kjempespor i heile traseen, men råtten snø gjorde at racingstavane var feil valg i dag :)
    Trinsa vart for liten, og slo gjennom med alt frå 10 cm til ein halvmeter enkelte stader, og eg risikerer ikkje å knekke staven der ute i fjellet , so det var føtene, og låra som fekk mest belastning i dag. Du kan sei at eg stava meg praktisk vekk frå ei god tid, haha :)

    Men festet var godt, med Multigrade-klister hang skiene godt på sjølv i det brattaste.

    Takk til smøreteamet frå Erdal Sport.

     

     

    Første deltaking, men slettes ikkje siste.

     

     

     

     

     


    #lagrenn #ski #turløp #trening #påvegmottoppen

     

    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits