• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Forberedelsar og nye mål før neste skisesong!

    Alle gode ting kjem til ein ende, også vinteren.

    Årets skisesong har hittil vore ein gedigen opptur. Ein supervinter eg håpar vi får tilbake dei komande åra og. I år har snøgrensa vore perfekt :) Og værgudane har vore på vestlandet si side i år. I fjor på den her tida hadde vi ikkje sett eit einaste snøfnugg. Det var noko av det trasigaste eg har vore borti, det gav ein vinterdepresjon av høgt nivå. Men som sagt, i år har alt vore perfekt!


    Tenk om alle vintrar dei neste 70 åra vert slik? Då kan vi kalle oss heldige og priviligerte.




    Greit nok, det er kanskje meir enn ein månad med skiføre igjen, ja forhåpentlegvis nesten to månader med kvitt underlag i turløypene.
    Men snøen vil desverre forsvinne lenge før vi kjem til nasjonaldagen.
    Og før den forsvinn ser vi kreftene til snøen ebbe ut i grovkorna slush, eit trist syn og eit råteføre utan sidestykke. Eit riktig so utriveleg føre som er lite gunstig med tanke på hoppande padling og høg fart.
    Sokalla Sotsjiføre som favorisere turski og klassisk stil. Og då ser ein verkeleg at sesongen går mot slutten. Gamasje- og anorakkmafiaen med appelsin, kvikklunsj og solbærtoddy på termos kjem som bolsjevikane gjorde mot Berlin, i store hordar i sitt eige seige tempo.
    Pulkar og stålkantar på glasfiberski slår gnistar mor steinheller på stader der vårsola har tina vekk delar av løypa. Reven luskar kring bålplassane på Gjøsetstølen på leit etter matrestar som no kjem til syne.

    Då må ein finne på noko nytt, og ikkje minst forberede neste skisesong. Ein må setje seg skikkelege hårete mål, og gjere alt for å klare å nå dei mål ein set seg.

    Eit mål for meg er å skøyte opp Gaularfjellet på rulleski. Eit skikkeleg hårete mål for ein som aldri har prøvd rulleski. Men ein må setje seg slike mål. Og trur du at eg gir meg før eg har prøvd og gjort alt som står i mi makt for å klare den kneika?

    Planen er klar, eg må kontakte div importørar og få hand om eit par rulleski, stavar med asfaltpigg, sommarskisko, og diverse bekledning.


    Og ein skal ikkje gløyme sykkelturar, lange og krevjande. Tunnelar is the limit, eg hatar tunnelar. Dei avgrensar bevegelsesfridomen til syklistar og gåande, samstundes som dei tryggar den vanlege trafikken mot skred og liknande. Så vi må nok ha dei :)


    No skal resten av skisesongen nytast so lenge den varer!
    Men som du ser på blandingsbildet under, eg har planane klare for sommaren :)



    Kva er ditt mål for i år?

     

    #ski #rulleski #forberedelse #nysesong #swenor #alpina #swix

    0

    Utvikling på Edmondo Sportstracker!

    Her er resultat frå 10. Desember til 25. Februar:

    Det skiller 14 minutt frå første til siste tur :)


    #sport #langrenn #progresjon #påvegmottoppen #tålmodigheit

    0

    Fantastisk ! NY REKORD !

    I kveld løsna det skikkeleg i sporet, på oppvarmingsrunda kom eg ut med tangering av  personleg rekord. 18:24

    Og då var det ikkje tvil om at her kunne eg både sette ny pers og komme under 18 minutt på 2. Runde.

    Og jeppsipeppsi , himmel og hav, og du stekte fasan!

    Eg gjekk som eg pleier, betre litt meir planlagt, krappe innersvingar, kvile optimalt i slake nedoverbakkar.

    Ikkje bruke unødig energi på motbakkane. Jevne tak, ikkje tenke på tid og rekordar før siste flata.

    Halde seg på føtene, og overleve ;)
    Berre kose seg, ligge på ein passeleg puls og berre la musklar i armar og føter få jobbe seg fram som ein bil på biodiesel

    Ny pers er nøyaktig 17 minutt og 58 sekund !

    Det er heilt surrealistisk for ein som i Desember tok på seg skøyteskia for første gang. Og dengang då starta med ei tid oppunder halvtimen.

    Takk til alle som har backa meg frå start til no. Tusen takk for all motivasjon og likes !

    Takk til Wenaas Sport som er importør av skisko fra Alpina, takk til Fischer for superlette karbonski, takk til OneWay for gode og ekstra hotte stavar, og takk til Erdal Sport for alt, absolutt alt !

    Og ikkje minst du, takk til deg som gidder å lese so mange linjer med sjølvoptatt skryt, atpåtill på vaklande nynorsk.

    Tusen takk !

    0

    Northug og Krogh !!

    Who the fuck is Wassberg?

    2

    Dagens styrkeøkt, heilt gratis.

    0

    VENDEPUNKT OG VILJESTYRKE

    Eg sit her i kveldsmørket og høyrer regndråpane herjar med takplatene. Det har regna kraftig dei siste dagane, eg likar faktisk regn, men ikkje heile tida. Tankane får meg tilbake, dei får meg til å tenke på kva som skjedde i 2013. Dette er eit år som eg vil kalle året frå helvete.
    Det året ingenting ville gå i rett retning, det året regnet ikkje kjentes so kaldt, fordi regnet ikkje var ei særleg problem.

    På det personlege planet gjekk det meste til helvete, og eg var hardt råka av skadar og sjukdom i fleire månader. Eg heldt faktisk på å ikkje overleve.
    Først rauk skuldra etter eit fall i skibakken. Og so kom noko eg ikkje unnar min verste fiende.

    Det var ombord i første fly frå FDE til OSL at et kjende at noko var riv ruskande galt med kroppen. Eg hadde store vanskar med å prate fordi eg hadde hosta vekk stemma mi. Eg hadde sjølvsagt rekna med at den forkjølelsen måtte gje seg utan særleg kamp, og at litt tysk øl skulle få helsa på føtene igjen. Eg skulle på ein slik tur, ein slik tur der alt kan skje og alt skal smakast på. Turen frå OSL til TXL (Tegel- Berlin) gjekk greitt, det var god stemning i gjengen. I Tyskland var solsikkeåkrane gule som løvetann og våren hadde meldt sin anmarsj. Ølet var godt, saltkringle, grilla svineknoke var også godt, eg hadde noko smakssans inntakt endå.






    På Hotellet i Wetzlar venta blomkålsuppe og søvn. Eg sov riktignok nokre timar, men samstundes kjende eg at noko var riv ruskande gale. Dagane gjekk til kurs og framsyning av det siste innan verdas beste optiske jaktredskaper. Siste dagen var det såvidt eg klarte å halde meg ståande, eg prøvde å late som ingenting. Og då var det perfekt at Widerøe hadde streik, og mitt kveldsfly frå OSL til FDE ikkje ville få luft under vengene.
    Takk og lov for kontoret heime i Norge, dei fekk ordna plass på ein flight frå Kastrup til Bergen.

    For å være heilt ærleg, eg hugsar berre bruddstykke frå mellomlandinga i Danmark, sveitt og svimmel. Eg kunne falle om kortid som helst. Med eitt vingla eg ut i ankomsthallen på Flesland, der hadde familie møtt opp for å hente meg. Dei skjønte at det var alvor då eg ringte og sa at eg neppe ville overleve ei natt på Hotell i Bergen. Eg hugsar lite.

    På veg frå Bergen til Førde forsvann eg fleire gangar. Kraftige hostebyger gjorde at eg var medvitslaus i det som føles som mange sekund. Eg vakna av skrikande bekymra skjerande stemmer som skreik at eg måtte vakne. Alt var ein klam karusell, eg var svimmel og orka ikkje meir. Kroppen var i ferd med å leggje inn årane. Eg var truleg i ferd med å akseptere at alt ikkje varar evig.

    Eg hugsar ikkje meir før eg vaknar sitjande i ein bil, og familien er på telefon med akutten i Førde, og får grei beskjed om å komme fortast mogeleg. Der blir eg møtt av ein utanlandsk lege som snakkar dansk. Eg forstår dansk, han var ikkje blid , han køyrde ein forvokst ispinne bak til svelget, rista på hovudet og kunne ikkje fatte og begripe at eg gjekk inn sjølv. " HVAD FAEN MAND! "

    -Du er meget ille ude mand!

    Konklusjon: Stille lungebetennelse + bakteriell infeksjon + kikhoste = små kapslar med medisin


    Etter nesten ein månad delvis liggjande og med minimalt av næring var det på tide å betrakte skadane i speilet og prøve å gå ein tur. Etter 15 (femten) meter demonstrerte lungene kraftig, ikkje faen om dei ville jobbe på lag.
    Dagen etter klarte eg å karre meg 50 meter - og slik med små mål klarte eg å bli stadig betre og betre. 

    Eg hugsar godt første turen eg klarte frå Langeland til Bekkjavatnet utan å måtte knele for lungekapasiteten.



    På veg ned frå Myrmelsfjella, på ein dag eg aldri vil gløyme.

     
    Etter nesten to månader var eg klar for å bestige favorittfjellet igjen. Eg var redd at eg måtte gje meg før eg var komen halvvegs. Men med forsiktig start og eit par pausar undervegs nådde eg toppen. Eg tok ikkje tida, tida betydde ikkje noko for meg. Eg hadde klart det.
    Tårane kom idet eg ropte eit sigersbrøl. Reven, hjortebukkane og kongeørna lurte sikkert på kva for ein gape som laga disse lydane.

    Det var meg, fordi eg nettopp hadde vunne ein lang kamp. Eg sette meg ned og berre kosa meg i den kraftige kveldsvinden.

    Kroppen hadde vore gjennom ei stor påkjenning, og eg var nesten 20kg lettare enn før eg vart sjuk.
    No bestemte eg meg for å gå minst ei mil eller ein fjelltur kvar dag for å få betre kondisjon, eg hadde fått ein vekkar på at ein kan faktisk dette om og døy kortid som helst.

    Motbakkane vart mine vener, og saman med mitt gode grå turfølge vart det mange fine turar den sommaren, og ikkje minst møtt både eg og hunden jaktsesongen i toppform. Sita er den som skal ha mest ære for at alt gjekk bra, utan dei små brune augene og gleda i turar veit eg ikkje korleis den etappa hadde endt.



    Eg tek det eit steg vidare, eg skal nå toppen, formtoppen.

    Forrige sommar kjøpte eg meg sykkel, på ein nydeleg hybridsykkel frå Merida reiste eg rundt på dei fleste gruslagde toppar og stader i mitt nærområde. Gjerne 6 mil om dagen fleire dagar i veka. Eg sykla til jobb, 20 km kvar veg. Og so gjekk eg hinsides ut av komfortsona, eg deltok i eit sykkelritt på nesten 10 mil, med hybridsykkel. 

     



    Kvifor ikkje ?



    Vi kom i mål vel ein time etter Mads Kaggestad, eg og hybridsykkelen min.


     

    Det gav meg ein meirsmak eg ikkje har kjent sidan den gangen eg smakte Vanilla Coke første gangen. Og eg sykla og sykla. Til slutt gjekk det som det berre måtte, eg kjøpte meg ein racersykkel, nok ein MERIDA

     



    Slik gjekk sommaren. Og so kom hausten med jaktturar og fjellturar. Og endelig kom snøen. Og då er det skiturar som gjeld.
    Nye karbonski frå Fischer har tatt meg ein stad mellom 50 og 100 mil sidan desember.

    Og eg føler meg sterkare enn nokon gang før. Turar eg før brukte ein og ein halv time på, skøytar eg lett på ganske nøyaktig 46 minutt og elleve sekund. Eg kan skøyte fleire mil samanhengande utan stopp, eg kan trakke til i botnen av den bratte bakken og glise heile vegen til toppen.





    Det er ingenting som er umulig, men det kan ta to år, og kreve ein del av deg sjølv.


    Du treng eit vendepunkt, og viljestyrke!



     

    Kampen mot toppen fortsetter!

    Neste år skal eg bli endå betre, endå sterkare og endå raskare- 
    -Forberedelsane startar no !

     

     

    0

    VILJESTYRKE 4 x 5km skøyting

    "Eg spelar ikkje baseball, men eg slår ein heimspringar kvar stad eg går"

     


    Gårsdagen var ein slik dag der eg berre mått pushe meg sjølv litt. Det var ein slik kveld der værgudane ikkje spelte på lag, føret var trått og tungt.

    Målsetning: 20 kilometer skøyting, halde same tempo i alle rundane, og ikkje bruke meir enn 1 time og 35 minutt. Totalt forbode å stoppe opp eller gå. Same tempo heile vegen. No Xcuse

    Det er klart at ein kjenne at ein varm dusj hadde gjort seg idet den første runda er unnagjort, men so har eg sagt til meg sjølv at i kveld blir det hardkøyr. Og då skal det fullførast.
    På veg ut i tredje runde kjenner eg at vassblemmene kjem i den eine handa, eg har valt feil hanskar til slikt vær. Bomull , re3gn og kork en på stavane gir friksjon, og brannsår. Men eg skiftar grep med jamne mellomrom.

    Ekstra motiverande er det å sjå sporteikna på at ein lokal kjendis har kommt inn i løypa, eg ser dei er på veg opp mot femmarsløyfa idet eg går ut i trearen, eg seier no til meg sjølv ; No skal eg gå teknisk perfekt og klare å nå att den sprekingen før han går ut mot Damefallet
    (Damefallet = ein haug ute i langløypa, riktig flott område)

    Eg fokuserar og ser for meg kor langt kjenningen har gått, og korleis eg må jobbe i motbakkane og siste flata for å nå han igjen og seie god tur før han forlet løypa.

    Eg rakk det med 50 meters margin !

    Og så var det ei siste runde, 5 kilometer, på same gir som dei 15 første kilometerane. Og eg skal ærleg inrømme at det gjorde godt å komme i mål, innanfor krava eg sette til meg sjølve. Blemmer på hendene, to liter vatn i lommene gjer sitt. Men sånn fysisk så skulle eg klart nokre rundar til, men ikkje i same tempo.

    Lærdommen etter ei slik økt, -et rikeleg rett etterpå, ellers får du ein helvetesdag på jobb dagen etter.


    Snakkar av erfaring :)




    "Eg spelar ikkje ein basketball, men eg har ein dunk på tunet"


     

     #langrenn #fischer #viljestyrke #uthaldenheit #gnagsår #restitusjon #dagO2

    0

    Ny rekord !




    Gammel rekord : 52:54

    Dagens nye personlege rekord: 46:11


    Yess ! Tydelig forbetring !

    0

    18:24

    Ein rekord eg skal slite med å forbetre.

    #1824

    0

    Dårleg sikt

    0

    Skitur med actionkamera



    0

    Friskt over fjellet

    video:siste etappe

     

    0

    ER DU FORNØGD MED DEG SJØLV?



    0

    Skiløyper og fotgjengarar ?





    Eg ser med undring at austlendingane slit med at fotgjengerar øydelegg oppkøyrde skispor kring hovudstaden. Dei trakkar rundt skisporet utan ski.
    Slikt må vere eit austlandsfenomen. Eg trur ærleg talt at slikt er noko ein knapt vil sjå her i Sogn & Fjordane.

    Her brukar nemleg folk skiløypene til å gå i, på ski.

    Her er ikkje fotgjengarar eit problem, vi har vel eigentleg ingen store problem som ikkje lett lar seg løyse.
    Om ein då ser vekk frå uansvarlege foreldre som ikkje har kontroll på ungane sine. Enkelte burde ikkje ha ski og ungar.


    Men vi let oss ikkje hisse opp, det er jo ikkje ungane sin feil :)

    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits