• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Knusing ! Grusing ! Ny rekord!

    Det var blytungt i dag, heile partiet frå stadion til stølen slukte krefter, det var skikkeleg tungt i dei partia der sola har vore innom.
    Då vert det ikkje verdens beste fart. Men jammen faen vart det ny pers !

    Målet var å komme under 55minutt før påske. CHECK!!

    Feirast med ei øl frå Kinn !

    #nyrekord






    0

    Kven vann?




    Alle vil vite kven som vann, om du ikkje vann så er det eitt lammefeitt kvar du hamna på resultatlista.
    Dette gjeld forsovidt kun toppidrett, altså dei som er mykje flinkare enn meg, deg og naboen din. Trur og syns eg.

    For eg sjølv drit faktisk i plasseringar og rangeringar. Men eg gjer alt for å gjere mitt beste, og litt betre gang for gang. Det handlar om å setje seg eigne mål, mål du held fokus på og jobbar intenst mot. Du vert ikkje betre av å gjere det du alltid har gjort.

    Ikkje bry deg om motgang og uflaks, sånn er livet, og du kan banne på at den dagen du er nær å nå målet kjem ein bagatell og føkkar opp heile opplegget. Men då reiser du deg igjen, og tek skalpen ved neste korsveg. Intet smakar betre enn revansje.

    Eg kan ta eit eksempel frå min eigen veg mot ein sterkare kropp. I Desember kom endeleg snøen vi ikkje fekk forrige vinter. Eg kjøpte nye karbonski frå Fischer, og oppfylte målet om å lære meg å skøyte i langrennsløypa. Ei ny verd vart opna.

    Første turen gjekk trått, eg verka i anklar og vrist, pluss at kondisen og pusten kom snikande tilbake først etter nokre timar. Det her var nytt for meg. Føret var riktignok trått, men med kondis som ei saks, og teknikk som ein skiftenøkkel gjekk eg 5 km på litt over 28 minutt.

    For ein som meg var det tungt, eg er for tung.
    Men då sat eg meg målet om at eg innan jul skulle kome under 25 minutt, og under 20 minutt før påske (tok vel hardt i ja)

    Målet nådde eg faktisk med god margin, 22:44 var faktisk eit faktum før nyttår. Eg var stolt.
    No måtte det tenkast nytt, eg la inn kviledagar der eg tok heilt fri frå ski, lot muskulaturen få restituere seg før nye påkjenningar. Slikt har utruleg effekt.

    Og plutseleg, på godt føre riktignok, ny rekord 19:46, kva skal eg no gjere fram mot påske? Jaudå, eg forbetra til 19:01 , små ergelege sekund unna den nye milepælen, nemleg 18-talet.


    I kveld kom ein ny milepæl, 18 minutt og 34 sekund på eit ikkje optimalt føre. Eg har klart å presse meg ned mot 18 minutter!


    Sidan desember har eg altså betra rundetida med 10 minutt.

    Paradoksalt veg eg 4kg meir no enn då eg starta skisesongen. Noko er sikkert musklar.


     

    Eg vann!






     






    2

    Ingefærøl

    Smakte noko godt i helga, ekte importert ingefærøl :)Friskt og småsyrleg. Verdt ein smak  !

    Kva er ditt favorittøl ?

    3

    Forandring fryder, new haircut!



    Skifta sveis!

    Ofte er det ikkje meir enn ein hårklipp som skal til før ein ser litt annsleis ut :)

    1

    Nye rekordar og ny sveis :)

    Tok eit slikt tåpeleg bilete framfor speilet. Berre fordi eg veit at det er tåpeleg. No vil eg vere litt tåpeleg.

    Men eg har fått litt skikk på håret, sjølv om hårfestet og vikane liknar meir og meir på Dalsfjorden.

    19:01

    Nærmar meg 18-talet :)

    Og i langløype nr1 vart det ny bestetid i kveld. Sjølv om gjengen gjekk for moro, heilt utan tanke på tid eller korrekt glider under skia.

    #ski #rekord #hårklippp #sport

    2

    Kva ski er tøffast?

    Blanda drops, mildt sagt :)

    0

    Av og til finn ein seg sjølv :)



    For dei som ikkje skjønar humoren, sjå bildet under :)





    #humor

    0

    Ny personleg rekord !

    Målsetninga var å kome under 20 minutt på femkilometeren før påska 2015.


    Gammel pers:   00:22:44

     

    Påska kom tidleg i år :)

    Eg lytta til erfarne idrettsdamer i formsitjande tights og la inn to restitusjonsdagar med full avslapping. Full effekt :)

    Oppvarmingsrunda gjekk eg overraskande på litt over 20 minutter.
    Og då måtte eg berre ta ei runde til :)




    Herleg følelse !

    #ski #motivasjon #rekord #fischer #langrenn

    0

    Ny rekord! Delmål oppnådd !


    55 minuttar er målsettinga

    Men 12 minutt og 30 sekund forbetring på nokre veker, det må eg no kunne vere litt nøgd med :)

    0

    Kortare rundetid, sakte men sikkert !

    Inspirerande :)

    2

    Årets første skitur

    Nytt år, nye sjansar.

    Då eg våkna i dag tideleg tenkte eg; eg har jo ikkje gjort anna enn å sove i år.
    Eg har faktisk ikkje hatt ski på føtene sidan i fjor.

    Eigentleg er slike dagar kviledag for meg, men løypa ligg der, snøen er framleis litt kvit, og eg har mogelegheita. Eg kan reise på stadion og starte året slik eg gav slepp på forrige. Plutseleg sat eg i trappa og snøra på skiskoa, og ferden mot løypa var i gang.

    "Behøver eigentleg ikkje gå so fort i dag"  -tenkte eg før eg sette avgårde.  GPS'en hadde dekning. Ferda var eit faktum, ned ein bakke, opp ein bakke, bortover, slakt nedover, slakt oppover... heilt roleg og med eit overordna mål om å betre teknikken. Og so møtte eg ein triveleg kollega halvvegs, eg fekk stoppa opp og sagt godt nyttår :)

    Etter nokre utveksla ord gjekk eg vidare, jevnt tempo opp heile stigninga og ned til stadion. Eg tar fram trackeren og idet eg tek av skjermlåsen ser eg ei tid betre enn personleg rekord stikke avgårde som ei rype utanfor skothald.. Eg får fomla av tellaren eit fattig sekund over pers. So nær, men so fjern. Eg hadde ingen ambisjonar om ny rekord i dag, so eg vart litt overraska. Føret gav sikkert litt ekstra fart her og der.

    Hadde eg gått på heile vegen og ikkje stoppa hadde nok 22:44 blitt knust totalt. Målsetnaden før påske er å kome rundt 5km under 22 minutt.
    Det skal eg klare.

    #ski #fischer #langeland #skøyting #teknikk #rekord

    Les mer i arkivet » Mars 2016 » Desember 2015 » November 2015
    hits