• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Kalsetrennet 2016



    Eg fekk impuls til å delta i det tradisjonsrike Kalsetrennet.

    Eg visste eigentleg ikkje kva eg gjekk til, men all utfordring er god utfordring.
    Og med logoen til Klubb Sandwich på drakta var det eit spesiellt augeblikk.

    No venta ca 24km fellesstart,  med kupert og tungt terreng, og kva ska ein gjere når ein plutselig står der på startstreken? Då må ein fullføre, fullføre med stil.
    Eg plasserte meg langt bak i feltet før start, og planen var å henge på bakerst, då eg hadde ei aning om at dei fleste ville passere meg uansett.

    Startskotet gjekk, eit skikkelig knallskot. Og då kobla eg ut alt av taktikk, og staka avgårde med feltet, det var eit forrykande tempo, eit tempo min kropp ikkje har hatt før, og eg må innrømme at det hadde vore flaut å gå på ein sprekk allereie på sjarmøretappa innom stadion.
    Det gjekk akkurat, men det kosta meir enn det som klokt var.

    No var rundene i lysløypa unnagjort, og det var berre å finne eit behageleg tempo på resten av eventyret, for det var og er for meg framleis eit eventyr.
    Om nokon hadde ynta frampå at eg ein dag skulle gå, og ikkje minst fullføre Kalsetrennet i konkurranseklassen uten å ende heilt sist, då hadde eg ledd hjarterått.

    Løypetraseen er fantastisk flott, knallhard og kupert, nokon ekle og ufyselege fiskebeinsbakkar, men også med eit par lange slake stakeparti heldigvis. Det gjeld å disponere riktig, spesielt for dei med teknikk som ein skiftenøkkel, som meg.

    Under rennet passerer ein to drikkestasjonar, det var utruleg godt med varm saft, sjølv om 2/3 av innhaldet traff startnummeret. Langs løypa var alt frå eldre folk,  heiagjengar og små munnrappe unger uten oppdragelse. "Vi heiar på deg fordi du er mykje dårlegare enn dei andre"

    Det er då du berre ler høgt og hånlig ;) og får det siste lille ekstra, akkurat det du trenger på dei lange motbakkane etter siste saftssøling. Kroppen begynner å samle seg litt igjen, og du bare gir gass, staker i motbakken, risikerer liv og lemmer i nedkøyringa, og tar ut akkurat nok til å få ein god følelse.

    Siste 5 km er den nydeligste delen av løypa, flatt og fint, herlige snauflater, det var bare å nyte den og stake seg inn til lysløypa, og sette telemarknedslag på målstreken.
    Det beste og viktigaste av alt, eg kom ikkje sist :)


    #ski #fischer #alpina #gsport #langrenn #klubbsandwich #tredjeplass



    Skriv en ny kommentar

    hits