• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    VEIEN TIL BIRKEBEINERRENNET 2016



    Yess, snøen er her :) Gledeleg gjensyn!

    I går kveld var det knalltøft å gå, det var skikkeleg nullføre, mykje laussnø, og eit regelrett slit. No er eg ikkje eit teknisk vidunder frå før, men det gjekk no på eit vis. Eg fullførte 10km.

    Ein vert litt deppa etter den første turen, ein trur at nokre hundre mil på sykkel, lange stakeøkter på rulleski, og eit uttal springeturar i fjellheimen skal gje nokre fordelar når du står der i nysnøen med skia på føtene. Men nei, det er like tungt på første turen, uanfaensett kor gode førebuingar du har hatt.

    I kveld var føret langt betre (ca 7minutt raskare pr runde) Det var deilig å få komme skikkeleg igang. Deilig nullføre var det, perfekt for oss som syns at det er oppskrytt å ta seg tid til å smøre seg til klabb eller bakglatte ski. Det har vore fantastisk å prøve dei nye FISCHER RCS ZERO+ , spikarfeste og god glid. Eg er ikkje i tvil om at dette er ei ski eg får stor glede av framøve mot Birken.

    Og optimistisk er eg, no ser eg at eg ikkje er heilt vekke på styrke. Spesielt sykkell-leggane og lårene har langt betre kapasitet enn i fjor.
    Eg er berre litt for tung og klumpete endå. Men det kjem seg kjapt no som snøen og løypene ligg der.

    Det er under eit halvt år til Birken, men det skal gå heilt fint :) Eg skal ta dei :)


     

     



    Skriv en ny kommentar

    hits