• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Nr 33 i Skogahogen Opp 2015



    Langfredag, og start nr 13. Ironisk nok -
    Målsetjinga var å ha minst ein bak meg på resultatlista, og eigentleg berre fullføre motbakkesprinten.
    Start nr 14, og teamkamerat Bjørnar gjekk eit godt løp, og endte på ein fin 23. plass.





    Staden var Jølster Skistadion, målet var Skogahogen, vel 2,6km lenger oppe i fjellet.

    Skøyting i motbakke, perfekt utfordring!
    Eg starta truleg for hardt, ifølge trackeren hadde eg ei toppfart på over 20 km/t i opp dei første bakkane. Armane og overkroppen jobba intenst, låra kjempa tappert dei og. Snittfarta låg rett i overkant av 8 km/t

    Bakkane vart seigare og seigare, mjølkesyra var på veg , eg måtte berre kople ut alle tankar, og berre fokusere på å nå toppen. Det handla om noko so enkelt som å nå toppen. Under oppvarminga gjekk laget halvvegs opp mot målområdet, so eg hadde ikkje sett terrenget og målområdet før rennet. Og då må ein finne rett hastigheit og intensitet, noko som skal halde heile vegen. Ellers går det heilt gale.

    Det var eit fantastisk publikum langs heile løypetraseen, med sauebjeller og heiarop. Dei medvirka og inspirerte.
    På ca 1,5km innbilte eg meg at det stod kjentfolk og heia, ho kunne namnet mitt i allefall, og det gav eit push i rett retning, opp.

    No var eg på veg inn i ei boble der alt handla om å halde jamn fart heile vegen, ikkje bry seg med at nokon kjem kavande bak.
    Eg var duckbreath så det haldt, men eg peisa på alt kroppen kunne takle det siste stykket. Dei siste 500 meterane opplevede eg som ekstraordinært lange. Men eg måtte berre fokusere rett fram, ikkje sjå meg tilbake.

    Då målstreken var passert , vakla eg nokre titalls meter før eg fann det greiast å berre legge meg ned i snøen og gje faen i eit minutt eller to.
    Du verden so herleg !


    Eg berre låg og pusta for ei stund.




    Målsetning: Fullføre, og ikkje ligge heilt nederst på resultatlista.
    Måloppnåing: Kom på 33.plass av 39 deltakarar.



    17:54 var mitt resultat i min første motbakkesprint :)

    Rett so nøgd med tanke på at eg kjøpte mine føste skøyteski i desember.





     Les meir om rennet på firda.no

     

    #langrenn #ski #påske #jølster #skogahogen #konkurranse #motbakkesprint



    Skriv en ny kommentar

    hits