• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    På veg mot toppen, i klassisk stil!




    No har eg omsider fått gått litt klassisk, etter nesten 600 kilometer på skøyteski. Kanskje var det tanken på neste års store mål, Birken2016 som er årsaka til at eg no tenker å gå klassisk fram til snøen forsvinn.

    Klassisk er noko eg alltid har sett i samanheng med pensjonistar og turfolk med sprakande gamasjar og appelsinskal i løypa.
    Ein stil eg egentlig aldri har hatt stor sans for personleg. Lite visste skøytaren om at han skulle ta fram Madshusparet frå boda i år. Men slik gjekk det.

    Men når sant skal seiast, det er faktisk moro, men då kun om ein har skikkeleg feste, ellers røynar det på kne og lår under krevjande fiskebeinmanøvrar.Fiskebein høyrar heime på fiskeslakteri og i levande fisk. Eg har stampa mine mil på bakglatte ski, aldri igjen. Finito!

    Først av alt kan eg slå fast at det går noko fortare med skøyting enn med klassisk stil, ikkje mykje , men nok til at det er eit skilje.
    Eg har dei siste dagane prøvd å utjamna forskjellane, og er no kanskje kome til ei grense som må flyttast neste sesong.
    Det får vere måte på kva ein kan forvente etter ein vinter.

    I dag hadde eg min hittil raskaste klassisktur i Gjøsetløypa, i går gjekk eg den på 53:39 mens eg i dag gjekk den på 49:06

    Det mest morosame i kveld var at eg hadde rimeleg godt feste med universalklister under madshusskiene. Gjøsetbakken gjekk i raskt trav som enkelte ville sagt, og oppå flata var det berre å gje på og bruke overkroppen på staking.

    På veg mot ei bratt kløft som kallast Damefallet innhenta eg to damer, ironisk nok.
    So då fekk det briste eller bære, skulle eg satse æra mi på klisteret, eller berre gå fiskebein til eg kunne smette forbi oppå neste flate?

    Fallhøgda er stor om festet sviktar idet ein hoppar forbi, ein risikerer å sjå ut som frosk, para med ein klovn, som i tillegg er ganske duckbreath.
    Generell utdriting av seg sjølv.

    Den som intet våger, intet vinner!
    Eg valde å satse på klisteret, og hogg skikkeleg til, skikkeleg trykk mot marka, og akselererte småspringande opp på sida og spratt forbi begge damene, i Damefallet ;)

    Derifrå og inn gjekk det skikkeleg fort, med skarpe spor og nydelege knallharde forhold :) Utruleg kjekt å kunne meistre klassisk sopass greit etter relativt få mil i den stilarten.








    No blir det nok meir klassisk framover, påskesnøen favoriserar klassisk stil :)

    Og so kjem rulleskisesongen snart :)








    Skriv en ny kommentar

    hits