• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Dei galne har det godt.

    Oppmuntring i kvardagen :)


    Eg sat på pauserommet på jobb og diskuterte aktivitetar og planar for sommaren. 
    Midt mellom ei tørr og trist karbonade og ein sup med kullsyrehaldig vatn frå Olden kom eg med eit forslag.

    Eit forslag om at eg og kollegaen min kunne konkurrere på rulleski i sommar og avslutte med ei tevling i konkurranseklassa på neste års tradisjonsrike Kalsetrenn.
    Eg sa at eg faktisk kunne tenke meg å skøyte opp frå sognefjorden sin tarm i Balestrand, og opp til platået på Gaularfjellet.

    Vi snakkar artig og krevjande stigning.
    Noko som for meg virkar freistande og noko ein må gjere før ein vert gammal og ubrukeleg. Fyttigrisen so kjekt det hadde vore, i solsteike og høg temperatur.

     

    Min kollega senka lokalavisa, såg på meg med skeptisk auge og sa; det verste er at du faktisk kjem til å gjennomføre planane, for du er jo gal !


    Yess I am







    Skriv en ny kommentar

    hits