• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Til helvete med Gull røkelse og myrra!


    // Ein vis mann, utan klede, men med sjølvrespekt //




    Korleis hadde bibelen vore illustrert om dei tre vise menn hadde hatt mogelegheit til å ta instagrambilete og jamleg køyrd nye statusoppdateringar på facebook?
    Kanskje like greit at vi ikkje veit, for det skjular seg løgn og bedrag i alle gamle eventyrforteljingar, soleis er ikkje bibelen eit unntak.

    Då hadde vi kunne sjå om dei faktisk hadde gull, røykelse og myrra. Fattige som vitskapsmenn var på den tida eit born var fødd i ein stall i Betlehem. Kvifor og korleis hadde dei råd til gull?
    Pantsette dei kamelar og song ei og anna lurven skillingsvise for å skrape i hop pengar til frelsarens gåver?

    Eg har ikkje trua på at klokskap gav dei største lønsutbetalingane i eit samfunn der dei fleste fulgte ein ledar, som ein saueflokk. Vi må hugse at det her var ei tid der klemmar og lykkeønskingar stod like høgt som tusenlappar gjer i vår tid. Pengar var ikkje alt, og hadde dei hatt instagram i dei dagar so hadde vi nok fått eit heilt anna bilete av historia.
    Mest sannsynleg er det nok som forskarar no ikkje hevdar, nemleg at dei tre vise menn var middels fattige, og difor hadde med seg: ull, røykepølse og myrvatn.



    Dei fraus no ikkje, samstundes som dei hadde mat og vatn.

     




    Skriv en ny kommentar

    hits