• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 0

    Giro 'd Fjaler- Dale-Korssund-Lammetun


     


     

     

    Kva gjer ein når ein har fått seg ein fridag, det er over 30 grader og ikkje ei einaste sky på himmelen?
    Då gjer ein noko som ein aldri har gjort før.

    Guddalen rundt, check
    Jølster rundt , check
    Viksdalen t/r check
    Dalsfjordbrua t/r check
    Gaularfjellet, t/r check


    Då gjenstod Dale- Lammetun via Korssundet. 

    Tja kvifor ikkje? Seig tur, ja, mest sannsynleg.
    Det verste partiet er alltid det første, spesielt når sola svir i nakken og svetten sit lausare enn vanleg. Men alt går på eit vis.
    Og når maskineriet går skikkeleg så skal det mykje til for å øydelegge framdrifta. Frå Hellevik til fergekaia på Fure var det spurting som gjaldt. Strøken svart og varm asfalt.
    Eg kom i god fart ned mot fergekaia som snart står aude att, la frå meg sykkelen for å ta eit bilete. Men plutselig ut av intet, som troll i øskje, der møtte eg eit masetroll av ei dame, hyggeleg og grei ved første augekast.
    Men so forstod eg at ho truleg hadde ein eller fleire skruar som var lause, eller kanskje ho ikkje hadde snakka med folk på alvorleg lang tid.
    Typisk øksemordar som et sniglar og anna ho finn i hagen.
    Eg kom meg nesten ikkje derifrå, ho ville fortelje om russerleirane som var der under krigen. Ho forklarde detaljert og utan oppfordring om mange vegar som enda på Lammetun. Alt på skjærande og skrikande bergensk.

    Omsider fekk eg lausrive meg, og trakka hardt vekk frå Fure fergekai. Eg var framleis i live, og kunne nyte den nylagde asfalten.

    Den nylagde svarte asfalten, som eg ikkje har eitt forbanna bilete av, den var so varm at ein fekk sjå heftig mirage på dei lengste rette strekningane. Då kjende eg at varmen vart sterk. Den låg jamt mellom 28,7 og 32,7 grader i skuggen, eg torer ikkje tenke på kor varmt det var der i solsteika.

    Turen ut gjekk fint, og turen tilbake gjekk fint, men ein ekstra halvliter væske hadde gjort seg :)



    // Innom Fure fergekai //



    // Ein skugge av meg sjølv //



    // Olavskorset , her var Olav dei Heilage for nokre hundre år sidan. //


    // Fjørå i fjørå // #norrøna



    // Lammetun bru //



    // Noko fortel meg at desse kystnære stroka ikkje er kjerneområde for omreisande tiggarar //






    Turen kan beskrivast med eitt ord : Utruleg varmt !

     

     

     

    #sykkel #trening #blogg #sport #sykkeltur #viking #kors #fjaler #væsketap



    Skriv en ny kommentar

    hits