Opptur i motabakkane
Radfahren verboten, som han sa tyskaren, han gleda seg til jul.
I går var det kviledag, leggar og lår fekk kvile og innhente seg. Det gjorde godt å slappe av.
I dag viste vestlandet seg frå si mest sjeldne og kanskje beste side, det var nesten sumar.
Eg tok fram tohjulingen, han stod og freista, eg berre trilla fram og tilbake på tunet, alt virka bra med føtene, og eg tok ein liten tur kring bygda.
Okei, alt gjekk smertefritt.
Då var det ikkje tvil, ein skal ikkje sova vekk sumardagen, trasevalet; ein rundtur, E-39 til Sande, inn på vegen til Bygstad, tilbake til Osen bru, opp mot Åmot,
og ei lita klatreetappe opp til E39 igjen.
Da er i motabakkana eg får meg ein opptur.. ;)
Utan tvil!
forøvrig, lokalavisa FIRDA har frigjeve nokre bilete frå rittet på Sundag
Lotte Cornelia Ninja Fagerheim
27.05.2014 klokka 21:44Kristian Myrmæl
27.05.2014 klokka 21:52Takk!
Måtte får bevege beina etter kviledagen ;)
Kristian Myrmæl
28.05.2014 klokka 00:37Lotte Cornelia Ninja Fagerheim:
Du skulle vært med på rittet :)
http://hekladuk.blogg.no/1401033995_jlster_rundt_2014.html
Stine
28.05.2014 klokka 09:51