• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 4

    Vis dei ryggen Petter Northug !

    Ein ekkel tsunami av skadefryd og hånlege kommentarfelt på nettet får meg til å bry meg.

    Petter Northug, har nettopp gjort sitt livs tabbe. Han har køyrd i berusa tilstand, og totalvraka bilen sin.
    Handlingen er av dei verste brotsverk ein kan gjere i det norske samfunn. Fyllekøyring skal ikkje aksepteres, det skal herske nulltoleranse.
    Og det veit Petter godt, han har lagt seg langflat, og beklaga ovenfor alle dei som no sit skuffa i dei tusen heimar. Pr no kan han ikkje gjere mykje meir.

    Petter sin fyllekøyring viser oss at uttrykket, "til og med den beste kan gjere feil" faktisk har noko i seg.
    Til og med den beste er eit menneske, til og med den beste kan gjere idiotiske ting.

    Norge treng slike som Petter Northug Jr
    Gutten fra Mosvika er ein fargeklatt som løftar sporten og interessa kring nasjonalidretten vår. Hans fantastiske rykk i skiløypa har ingen nokonsinne sett før, og evnen til å glede folket, samt provosere alle som hatar vinnarskallar, den er unik.
    Svenskar og kommentarfeltcowboyar kan seie kva dei vil, Petter er nr 1 kva gjeld sikrus og vinnarmentalitet. Slike gutar vil gamle Norge ha.
    Dei gutar gamle Norge ikkje vil ha, kommentarcowboyane,  kjem det nokre linjer om straks.

    Petter er ikkje berre ein skiløpar, han er eit menneske, eit menneske som har familie og venner rundt seg. En person med følelesar under huda.
    Kva ville din familie eller venner gjort og ikkje minst følt om det var du som vart hengt ut i media og trakka på i kommentarfelt på landets nettaviser?


    "Skriv om andre, slik du vil andre skal skrive om deg."


    Kommentarfeltcowboyar, ein eigen rase, dyrka fram av og for sofaen.
    Greit nok , dei fleste som skriv drit i kommentarfeltet på nettaviser er av typen som får sin makspuls av å bere søppelposen ut på trappa, og turen til postkassa er det daglege høgdepunktet i livet. Sofa-presidentar hatar at nokre er mykje betre enn dei, og er overlykkelege om dei tabbar seg ut. Medan andre er ute i frisk luft, eller er på jobb, sit desse svulstane og sprer hat, medan dei ventar på chipsposen, colaen og brevet der dei kanskje endeleg får tildelt forbrukslån frå creso, eller kva med ein magesekkinnsnevring på skattebetalerane si rekning.
    Gjer noke fornuftig, dykk late betrevitande cowboyar!


    "Godt planta i sofaen med pc på fanget skal kommentarfelt byggast. Det er folk som tydeligvis forherligar andres ulukke meir enn eigen lukke, og med ein nasetipp så lang at ein elefant ser stutt ut."


    Ein undersøking for nokre år sidan viste at 1 av 4 har køyrd i alkoholpåverka tilstand ein eller annan gang i løpet av livet.
    Det vil sei at av 100 kommentarfelt-cowboyar har 25 personar ein eller annan gang ført motorvogn i berusa tilstand.
    Håpar at dykk vert tekne ein dag, det fortenar alle som køyrer i fylla. -ALLE-

     

    Men i motsetning til Petter Northug Jr, so tvilar eg på at nokon av dykk kommentarfeltsvulstane klarar å herje godt, rykke frå resten og vinne alt i Falun 2015



    Vis dei ryggen Petter!

     

     


    #northug #petter #promille #menneske #kongen



    Cathrine

    05.05.2014 klokka 22:55
    Northug er rett og slett en umoden drittrunge, som er dum som ett brød!

    Kristian Myrmæl

    05.05.2014 klokka 22:58
    Cathrine:

    På seg selv kjenner man andre.

    Vanessa

    05.05.2014 klokka 23:43
    Han har drete seg selv i leggen !

    Kristian Myrmæl

    05.05.2014 klokka 23:47
    du mener vel: på leggen?

    Skriv en ny kommentar

    hits