• Forside
  • Add meg
  • Hjortefot
  • MEDIA
  • SPONSORER
  • 2

    Bli kul uten hodekul ! Bruk hjelm.

    Eg har ikkje brukt hjelm sidan tida då eg køyrde rundt på ein kvit og blå Suzuki TSX 89'

    Hjelm og hjelm..
    Å kalle den for hjelm var kanske litt overdådig då berre halsstroppa og forma på hjelmen var inntakt. Visiret og innhaldet vart spreidd over den sørlandske landsbygda over lange sumarskveldar. Vi køyrde med hjelmen på albogen, dumme som vi var.

    Men ingen store smellar oppstod og ein kom som regel frå den epoka utan anna enn ribbeinsbrot, knekt sjølvbilete og kjøtsår. Noko som liksågodt kunne vore eit resultat i ein lokal fotballkrig ingen av laga ville tape.

    Tida med oppjekka og småjustert TSX med oppbøygd skiltplate enda godt.

    Etter å ha sett kva ein moped eller motorsykkel kan øydelegge har eg valt å kun halde meg til syklar der en sjølv må lage farta. Ein vert og sterkare enn de som ikkje syklar.

    Sykkel er tryggare, men ikkje eingong her er ein trygg. Det er ein risikosport med ein gang riksvegen eller E-39 skal nyttast. Bergensregistrert SUV der sjåføren truleg har arva førarkortet er kanskje den verste faren. Enkelte bilistar trur at dei eige vegen, og køyrer forbi sjølv med motgåande trafikk.

    Før var eg ein slik som lo av folk som gjekk med hjelm innandørs, og lurte på kvifor i helvete skal syklistar ligge side om side i vegbana.  Eg har no lært meg at det heile skuldast sikkerheit, og aerodynamikk, må prøvast for å forståast. Når eg no køyrer bil og ligg bak syklistar tek eg det heile med stor ro, og er nysgjerrig på kva syklar dei har.

    Om ein les kommentarfeltet på Nettavisen, så ser ein at mange ikkje skulle hatt førarrett på bil.
    Ein eim av kommentarfeltcowboyar som sit godt planta i sofaen, et godteri på NAV si rekning og uttalar seg om noko dei ikkje har peiling på.

    Eg brukar hjelm no, og det bør du og gjere.
    Spesielt om du vaks opp i den tida der følgande mantra vart repetert i skulegården :

    "Bli kul, uten hodekul "




    Fromfat2phat

    28.04.2014 klokka 10:55
    Tomlene opp!!

    Kristian Myrmæl

    28.04.2014 klokka 12:27
    seff ;)

    Skriv en ny kommentar

    hits